Facebook ikon Twitter logo Print side

Furhaugen - Midtre Fjell

Planoppstart av detaljregulering for Furhaugen, gnr. 57, bnr. 8 - Midtre Fjell.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Reguleringsplanarbeid

Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som viser bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området, og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak, eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent

Huldraspelet Eiendom AS og A/STAB.

Planområdet

Planområdet ligg rundt 1 km vest for Fjell, og er på 31,3 daa. Ein mindre del av
planområdet ligg innanfor reguleringsplan for Huldraspelet, Kleivane, gnr/bnr 57/5, 21 m.fl., Midtre Fjell, planid. 20070016, og er regulert til bustad, naturområde og køyreveg. Den sørlege delen av planområdet ligg innanfor reguleringsplan for Rv 559 Fjell-Ulveset, planid. 20070038, og er regulert til landbruksveg og gang-/sykkelveg. I kommuneplanen sin arealdel er planområdet for det meste sett av til framtidig bustadområde. Ein mindre del er avsett til eksisterande bustadområde, grønstruktur og veg.

Dokument

Formålet med reguleringa

Formålet med reguleringsplanen er å regulere området til bustad med tilhøyrande infrastruktur. Tilkomst er planlagt via sørleg veg i godkjent naboplan Huldraspelet, Kleivane, gnr/bnr 57/5, 21 m.fl., Midtre Fjell, planid. 20070016.

Planarbeidet er vurdert til ikkje å utløyse krav om konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova § 4-2. Aktuelle vurderingstema for planarbeidet er terrengtilpassing og tilkomst, landbruk og naturmiljø.

Planområdet vist i kartløysinga til kommunen finn du her.

Merknader til oppstartsmeldinga

Eventuelle merknader eller innspel som kan ha innverknad og/eller som er av relevans for planarbeidet skal sendast skriftleg til A/STAB AS, Ulsmågvegen 7, 5224 Nesttun eller per e-post til post@a-stab.no.

Kunngjeringa er lagt ut på heimesida til A/STAB AS

For meir informasjon om planarbeidet kontakt A/STAB AS, tlf: 902 57 455.

Merknadsfrist

Frist for å komma med merknader er sett til 14.08.2019.

Vidare saksgong

Alle merknadar som vert sendt inn skal vurderast av forslagstillar. Etter at meldingsfristen er gått ut vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, for deretter å bli sendt til Fjell kommune for vurdering og saksbehandling.

Etter første gongs handsaming i komité for plan og utvikling, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i minst seks veker. Det vil då vera mogleg å komma med merknader til planframlegget før vidare politisk behandling.

Heile planprosessen kan følgjast via postlistene til Fjell kommune. Søk etter saksnr. 2019/1430.


Sist endret: 02.07.2019