Facebook ikon Twitter logo Print side

Fv 555 Kolltveit - Vorland - Sotrasambandet

Offentleg ettersyn av detaljreguleringsplan for Fv 555 Kolltveit - Vorland - Sotrasambandet.

I samsvar med Plan og bygningslova § 12-10 vert det med dette kunngjort at Fjell kommune og Sund kommune har vedteke å leggja ut til offentleg ettersyn og høyring framlegg til reguleringsplan for Sotrasambandet, ny rv 555 mellom Kolltveit i Fjell og Vorland i Sund.

Planområdet er delt i to planar:

  • Parsell Kolltveit - Sund grense (i Fjell kommune)
  • Parsell Fjell grense - Vorland (i Sund kommune)

Fjell og Sund kommunar har i nært samarbeid med Statens vegvesen utarbeida framlegg til detaljreguleringsplan for ny fylkesveg 555 mellom Kolltveit og Vorland i Sund.

Kart over Kolltveit - Vorland - Sotrasambandet

Dokument

Offentleg ettersyn

Reguleringsplanane er lagt ut til offentleg ettersyn og høyring i perioden 14.12.2018 – 1.02.2019. Frist for uttale er sett til 01.02.2019.

Merknader

Eventuelle merknader som gjeld parsell Kolltveit - Sund grense, skal sendast skriftleg til Fjell kommune, Plan- og eigedomssjefen, Postboks 184, 5342 Straume. Ein kan også sende e-post til postmottak@fjell.kommune.no eller bruke elektronisk skjema. Hugs å merke sendinga med saksnr. 2017/1174.

Elektronisk skjema

Eventuelle merknader som gjeld parsell Fjell grense - Vorland skal sendast skriftleg til Sund kommune, postboks 23, 5371 Skogsvåg eller på e-post til: postmottak@sund.kommune.no

Planane finn du Servicetorget i Fjell rådhus og Fjell folkeboksamling på Straume, Sund kommune sine nettsider, og i Biblioteket på Sund senter og Servicekontoret på kommunehuset.

Kontordag

Det vil verta halde kontordag på Fjell Rådhus tysdag 8.01.2019 kl 1500-1900, der alle som treng meir informasjon om planframlegget er inviterte til å komme.

Alle som treng meir informasjon om planframlegget i Sund kommune kan ta kontakt og få avtalt eigne møter med planleggjarane i Sund.

Spørsmål i tilknyting til reguleringsplanen i Fjell kan rettast til:
Fjell kommune v/Einar Lunde, tlf 55 09 73 74 e-post: einar.lunde@fjell.kommune.no


Sist endret: 12.12.2018