Facebook ikon Twitter logo Print side

Geitevika friluftsområde - Søre Straume

Godkjent detaljreguleringsplan for Geitevika friluftsområde, gnr 45/5 m. fl. - Søre Straume (planid: 20070032)

I samsvar med reglane i plan- og bygningslova vert det med dette kunngjort at kommunestyret har vedteke følgjande detaljreguleringsplan:

 Geitevika friluftsområde, gnr 45/5 m. fl. - Søre Straume (planid: 20070032).

Planområdet som er 70,9 dekar, er lokalisert sør for bustadområdet ved Bukketåvika og vest for Straume Næringspark. Planen legg til rette for å opparbeide eit friluftsområde med badevik for allmenta i tillegg til eit kontorbygg som også vil fungere som eit servicebygg for badevika med toalettfasilitetar og parkering. Straumemila er regulert som gang- og sykkelveg gjennom planområdet i tråd med kommunedelplan for Straume.

Dokument

Planen kan ein sjå i Servicetorget i Rådhuset. Vedtaket kan påklagast til Fylkesmannen i Hordaland av den som er part i saka eller har rettsleg klageinteresse.

Klagefristen er 3 - tre - veker frå denne kunngjeringa. Klagen bør grunngjevast.

Eventuell klage vert å senda:
Fjell kommune, Plan- og utbyggingssjefen, Postboks 184, 5342 Straume.

Elektronisk skjema

Plan- og utbyggingssjefen


Publisert: 24.02.2017 05:00
Sist endret: 23.02.2017 08:31