Facebook ikon Twitter logo Print side

Grønamyrsvegen - Straume

Offentleg ettersyn av detaljregulering for Grønamyrsvegen S-C-1, gnr. 35, bnr. 262 m.fl. - Straume (PlanID: 2008006).

Komité for plan og utvikling i Fjell kommune har i møte 13.11.2018 i sak KPU 130/18, godkjent at framlegg til detaljregulering for Grønamyrsvegen S-C-1, gnr. 35, bnr. 262 m.
fl. - Straume (PlanID: 2008006), vert lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med §12-10 i plan- og bygningslova.

Planområdet er på om lag 25 dekar og ligg sentralt på Straume, aust for Grønamyrsvegen og Sartor senter. Intensjonen med planforslaget er å skapa eit attraktivt område med blanda funksjoner, og eit viktig bidrag i vidareutviklinga av regionssentret Straume. Planforslaget legg til rette for konsentrert bustadbygging i form av blokker, næringsareal og det offentlege torget Grønaplassen.

Dokument

Offentleg ettersyn

Planen er lagt ut til offentleg ettersyn tida 27.11.18 – 22.01.19.

Merknader

Eventuelle merknader til planframlegget kan sendast til: postmottak@fjell.kommune.no, som brev til Fjell kommune v/ Plan- og utbyggingssjefen, postboks 184, 5342 Straume eller ved å bruka elektronisk skjema, innan 22.01.19.

Elektronisk skjema


Sist endret: 22.11.2018