Facebook ikon Twitter logo Print side

Grønamyrsvegen - Straume

Godkjent reguleringsplan for S-C-1 Grønamyrvegen gnr 35, bnr. 262 m. fl. – Straume.

Kommunestyret i Fjell kommune har i medhald av §12-12 i plan og bygningslova i møte 21.03.2019 i sak KS 12/19,

godkjent reguleringsplan for S-C-1 Grønamyrvegen gnr 35, bnr. 262 m. fl. – Straume, (PlanID: 20080006).

Planområdet er på om lag 25 dekar og ligg sentralt på Straume, aust for Grønamyrsvegen og Sartor senter. Intensjonen med planforslaget er å skapa eit attraktivt område med blanda funksjoner, og eit viktig bidrag i vidareutviklinga av regionssentret Straume. Planforslaget legg til rette for konsentrert bustadbygging i form av blokker, næringsareal og det offentlege torget Grønaplassen.

Dokument

Klage

Klagefristen er tre veker etter kunngjeringsdato, frå 02.04.2019. Klagen bør grunngjevast.

Eventuell klage kan sendast til: postmottak@fjell.kommune.no, som brev til Fjell kommune v/ Plan- og eigedomssjefen, postboks 184, 5342 Straume eller ved å bruka elektronisk skjema.

Elektonisk skjema

Verknader av planen

Når det gjeld verknaden av godkjend reguleringsplan, vert det vist til § 12-4 i plan- og bygningslova. Planen er bindande for alt arbeid eller tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet.

Krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må vera sett fram seinast tre år etter denne kunngjeringa.

Reglane for innløysing er fastsett i plan- og bygningslova § 15-3. Dette inneber m.a. at grunn kan krevjast innløyst. Sjå til plan- og bygningslova for fullstendig oversikt over reglane. Det er òg mogleg å ta kontakt med kommunen for utfyllande informasjon.


Sist endret: 27.03.2019