Facebook ikon Twitter logo Print side

Heimavågen, gnr. 26, bnr. 180 m. fl – Vindenes

Varsel om oppstart av detaljregulering

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla oppstart av detaljregulering for Heimavågen, gnr. 26, bnr. 180 m. fl – Vindenes

Reguleringsplan

Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som viser bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området, og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak, eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent

Sotragruppen AS er tiltakshavar.
Stracon AS er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet

Planområdet ligg på Vindenes og omfattar blant anna hamna i Heimavågen, næringsområde tilknytt hamna, samt tilhøyrande infrastruktur.

Planområdet utgjer om lag 116,2 daa ,og er førebels avgrensa som vist på kartutsnittet (figur 1). Nord for planområdet finn ein spreidde bustader med noko jordbruk og turområde som leier vidare til Vindeneskvarven. Sjøen ligg i aust, medan Ågotnes Næringspark ligg i sør. I vest grensar planen til Barneshaugen bustadområde.



I arealdelen til kommuneplanen er området avsett til både næring, hamn, småbåthamn, LNF-område, naust, bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone. Deler av planområdet ligg under omsynssone for kulturmiljø og har krav om felles planlegging.

Det føreligg reguleringsplanar i området, og denne detaljreguleringsplanen vil erstatte deler av Barneshaugen (planID: 19740004) og Reguleringsplan for Ågotnes – Vindenes (planID:19860002). Det pågår ikkje planarbeid området i dag, men det er eit ønske om oppstart av ein områdeplan for området. Ein eventuell oppstart av områderegulering for Vindenes vil sjåast i samanheng med denne saka.

Planområdet i kartløysinga til kommunen finn du her.

Dokument:

Varselkart

Formålet med reguleringa:

Hovudføremålet med detaljreguleringa er å legge til rette for næring tilknytt marin verksamheit både i nord og sør av planområdet. Planen skal og utvide småbåthamna i Heimavågen. Saman med naustmiljøet som finns på plassen i dag, skal det skapast eit heilskapleg hamnemiljø heile vegen ut mot Buneset, og visuelt binde saman Heimavågen med Sjåvika i nord. Plassen skal kunne nyttast som møte- og opphaldsplass for både dei lokale og besøkande. Det skal og leggast vekt på å få til ein meir estetisk overgang frå næringa i sør til hamneområdet. I tillegg til desse hovudformåla skal og infrastrukturen betrast. Spesielt skal det noko uoversiktlege krysset nord i planområdet få ei betre løysing. Sjå figur 3 for illustrasjon av førebels ønska tiltak for planområdet.

Tiltaket er saman med kommunen vurdert til å ikkje utløyse krav om full konsekvensutgreiing. Med bakgrunn i omgjering av LNF-formål i strandsona, der det vert lagt opp til utfyllingar i sjø, skal enkelttema i planen konsekvensutgreiast.

Merknadar til oppstartsmeldinga

Det vil bli halde eit folkemøte på Notloftet på Vindenes onsdag 30. august kl. 18.00, der prosjektet vert presentert nærmare, og det vil være mogleg å stille spørsmål. 

Merknader som kan ha verknad for planarbeidet kan sendast skriftleg eller elektronisk til:
Stracon AS
Leirvikflaten 15b
5179 Godvik.
e-post: post@stracon.no

Merknader må merkast «7137 – Detaljregulering Heimavågen».

Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vil følgje planforslaget når det blir sendt til kommunen for handsaming.

Merknadsfrist

Frist for å komma med merknader er sett til 15. september 2017.

Vidare saksgong

Etter merknadsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, for deretter å bli sendt til Fjell kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i komité for plan og utvikling, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i minst seks veker. Det vil då vere mogleg å komma med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming. 


Publisert: 19.07.2017 05:00
Sist endret: 13.07.2017 13:59