Facebook ikon Twitter logo Print side

Heimtun, Straume

Offentleg ettersyn for Heimtun, gnr. 35/534 og 637 m. fl. (planID: 20120011) - Straume

Komité for plan og utvikling i Fjell kommune har den 07.02.2017, i sak KPU 27/17, godkjent at framlegg til detaljregulering for Heimtun, gnr. 35/534 og 637 m. fl. (planID: 20120011) – Straume, vert lagt ut til offentleg ettersyn, i samsvar med § 12-10 i plan- og bygningslova.

Planområdet er på om lag 8 dekar og ligg på Straume. Formålet med planarbeidet er å bygga opp under fortettinga rundt regionsenteret på Straume, ved å legga til rette for mellom 60 og 73 bustadeiningar i blokker, rett sør for Sartor. 

Planområdet er omfatta av kommunedelplan for Straume (2005-2018), og er her sett av til etablert bustadområde. Kommunedelplanen vidarefører reguleringsplanen for Utfallet, gnr. 35-1,11,16 m. fl - Straume Sør (planID 20020007), vedteken i 2002.

Planframlegget inneber ei endring av gjeldande reguleringsplan for Utfallet, frå frittliggjande småhus til konsentrerte bustader.

Dokument

Offentleg ettersyn

Planen er lagt ut til offentleg ettersyn i servicetorget på rådhuset og Fjell folkeboksamling i tida 24.10 - 05.12.2017.

Merknader

Eventuelle merknader til planenane vert å senda til:
Fjell kommune, Plan- og utbyggingssjefen, Postboks 184, 5342 Straume innan 05.12.2017.

Elektronisk skjema


Publisert: 24.10.2017 05:00
Sist endret: 23.10.2017 09:40