Facebook ikon Twitter logo Print side

Hjortefaret - Midtre Fjell

Offentleg ettersyn for Hjortefaret gnr. 57, bnr. 1 m. fl. - Midtre Fjell. (PlanID: 20160009)

I samsvar med reglane i plan- og bygningslova vert det med dette kunngjort at Fjell kommune har vedteke å leggja ut til offentleg ettersyn følgjande framlegg til detaljreguleringsplan:

Hjortefaret, gnr. 57, bnr. 1 m.fl. – Midtre Fjell. (PlanID: 20160009)

Planområdet er på om lag 80 dekar og ligg på Kleivane i midtre Fjell. Formålet med planen er å leggja til rette for bygging av totalt 42 nye bustadeiningar (inkl. eit felleshus) i form av konsentrerte bustader med tilhøyrande infrastruktur, felles uteopphaldsareal og leikeplass.

Dokument

Planen er lagt ut til offentleg ettersyn i servicetorget på rådhuset og Fjell folkeboksamling på Straume i tida 09.03.2018 – 20.04.2018. 

Eventuelle merknader til planen vert å senda til:
Fjell kommune, Plan- og utbyggingssjefen, Postboks 184, 5342 Straume, eller e-post til postmottak@fjell.kommune.no innan 20.04.2018.

Elektronisk skjema


Publisert: 09.03.2018 05:00
Sist endret: 06.03.2018 12:30