Facebook ikon Twitter logo Print side

Hjortefaret - Midtre Fjell

Godkjent detaljregulering for Hjortefaret på gnr. 57, bnr. 1 m. fl. – Midtre Fjell (PlanID: 20160009).

Kommunestyret i Fjell kommune har i medhald av §12-12 i plan og bygningslova i møte 22.11.2018 i sak KS 64/18, godkjent detaljregulering for Hjortefaret på gnr. 57, bnr. 1 m. fl. – Midtre Fjell (PlanID: 20160009).

Planområdet er om lag 80 dekar og ligg på Kleivane. Formålet med planframlegget er å leggje til rette for bygging av ca 40 nye bustadeiningar og fortetting i eit eksisterande bustadområde. Det er opna for utleigeeiningar i ca halvparten av bustadene.

Dokument

Merknad

Klagefristen er tre veker etter kunngjeringsdato, frå 07.12.2018. Klagen bør grunngjevast.

Eventuell klage kan sendast til: postmottak@fjell.kommune.no, som brev til Fjell kommune v/ Plan- og utbyggingssjefen, postboks 184, 5342 Straume eller ved å bruka elektronisk skjema.

Elektronisk skjema

Verknader av planen

Når det gjeld verknaden av godkjend reguleringsplan, vert det vist til § 12-4 i plan- og bygningslova. Planen er bindande for alt arbeid eller tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet.

Krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må vera sett fram seinast tre år etter denne kunngjeringa.

Reglane for innløysing er fastsett i plan- og bygningslova § 15-3. Dette inneber m.a. at grunn kan krevjast innløyst. Sjå til plan- og bygningslova for fullstendig oversikt over reglane. Det er òg mogleg å ta kontakt med kommunen for utfyllande informasjon.


Sist endret: 04.12.2018