Facebook ikon Twitter logo Print side

Hjortefaret

Varsel om oppstart av detaljregulering for Hjortefaret, gnr. 57, bnr. 1, m. fl. – Midtre Fjell

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


I medhald av plan og bygningslova (pbl.) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Hjortefaret, gnr. 57, bnr. 1, m. fl. – Midtre Fjell.

Reguleringsplan

Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent

Tiltakshavar er Kleivane AS.

Plankonsulent er Rambøll Noreg AS, Bergen.

Planområdet

Området som skal regulerast ligg på nordsida av rv559, vest for Fjell kyrkje, og omfattar areal på begge sider av den private vegen Hjortefaret. Det ligg i dag 14 bustader i planområdet. Planområdet er avgrensa som vist på kartutsnitt nedanfor og er om lag 80 dekar.

Kart

Planområdet er i hovudsak avsett til eksisterande og framtidig bustadføremål. Bustadføremålet er omfatta av omsynssone H810_49, med krav om felles planlegging. Detaljreguleringa skal jamfør arealdelen til kommuneplanen sikra gjennomgåande grønstruktur og tilkomst til nærturterreng og Midtmarka. Delar av området i nord og aust er avsett til LNF-føremål.

Lenke til planområdet i kartløysinga til kommunen finn du her.

Dokument

Varselkart

Reguleringsplanen sitt føremål

Hovudføremålet med planarbeidet er å leggja til rette for utvikling av eit bustadområde med tilhøyrande leike- og uteopphaldsareal, vegar og parkering. Det skal planleggast ca. 35-40 nye bustadeiningar innanfor området, desse skal tilpassast ulike typar bebuarar (t.d. etablerer-, eine- eller seniorbustader). Vidare skal det sikrast gangtilkomst via stiar til Storevarden nord i planområdet og til Midtmarka.

Planen kjem ikkje inn under vilkåra for konsekvensutgreiing.

Merknadar til oppstartsmeldinga

Merknader som har verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast til:

Rambøll Norge AS v/Linn Skjold
PB 3705 Fyllingsdalen
5845 Bergen

Merknadsfrist

Frist for å koma med merknader er sett til 28. juni 2016.

Vidare saksgang

Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget verta utarbeidd, for deretter å verta sendt til Fjell kommune for saksbehandling. Etter første gongs behandling i komité for plan og utvikling, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i minst seks veker. Det vil då vere mogleg å koma med merknader til planframlegget før vidare politisk behandling.


Publisert: 02.06.2016 15:20
Sist endret: 15.06.2016 15:24
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00