Facebook ikon Twitter logo Print side

Interkommunal kommunedelplan for Skogsskiftet

Høyring av Planprogram for interkommunal kommunedelplan for Skogsskiftet

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


I medhald av plan- og bygningsloven § 11-13 har planutvalet i Sund kommune og Komité for plan og utvikling i Fjell kommune vedteke å leggja planprogram for interkommunal kommunedelplan for Skogsskiftet ut på høyring.

Formålet med rullering av kommunedelplan for Skogsskiftet er å få ein plan som er betre eigna som styringsverktøy for vidare utvikling av Skogsskiftet. Skogsskiftet er kommunesenteret i Sund, og det er viktig at planen gjev gode rammer for å gjera kommunesenteret til ein attraktiv stad å være, bu og drive næring i, og som fremjar livskvalitet for innbyggjarane. Formålet med planen er også å utvikla Skogsskiftet og omlandet, slik at det vert eit sterkt og mangfaldig lokalsenter i den framtidige storkommunen. Tilrettelegging av idretts- og kulturfasilitetar skal vurderast i planen.

Dokument

Dokumenta er òg tilgjengelege på Sund Servicekontor, kommunehuset i Skogsskiftet og Servicetorget på Rådhuset i Fjell.

Interesserte kan ta kontakt med sakshandsamar i Sund for nærmare informasjon om sjølve planen.

Merknader

Eventuelle merknader kan sendast elektronisk via heimesida til Sund kommune under kunngjeringar. Bruk då skjemaet «høyringsuttale», og vis til saksnummer 16/83.

Du kan òg sende merknader via post til:
Sund kommune
eining areal
postboks 23
5371 Skogsvåg

Frist for å koma med merknader til planprogrammet er sett til 20. august 2017.


Publisert: 13.07.2017 13:42
Sist endret: 13.07.2017 13:49