Facebook ikon Twitter logo Print side

Kjeldeberget sør

Varsel om oppstart av detaljregulering for Kjeldeberget sør, del av gnr. 23, bnr. 1 m. fl - Angeltveit

I medhald av plan- og bygningsloven § 12-8 vert det med dette varsla om igangsetting av privat reguleringsplan for Kjeldeberget sør, del av gnr. 23 bnr. 1 mfl. på Angeltveit i Fjell kommune.

Forslagstillar

Tiltakshavar for planarbeidet er BoligPartner Straume AS i samarbeid med grunneigar Trond Kåre Angeltveit. Utførande konsulent er Akons AS.

Formålet med planforslaget

Formålet med planarbeidet er å leggja til rette for bustader med tilhøyrande infrastruktur og fellesareal. Sentralt plantema er veg og avgrensing av byggeområde mot LNF. Ein skal og sjå på bruk av LNF område mellom byggeområde og Angeltveit vatnet.

Planstatus

Planstatus for området er i dag kommuneplanen sin arealdel med formåla bustad og LNF, men varslingsområdet går også over del av reguleringsplan for Fv 211 Angeltveit-Landro, Vegutbetring (23,24) med planID: 20030006 og Angeltveit Aust (23) med planID: 19980003.

Innanfor tomt med gnr. 23, bnr. 1, er det om lag 18 dekar som ligg i eksisterande byggjeområde for bustader i kommuneplanen sin arealdel. Dette arealet er ikkje utbygd i dag. Området ligg sentralt på Angeltveit med kort veg til kommunedelsenteret på Ågotnes.

Formål er i hovudsak i samsvar med kommuneplanen, og vi har vurdert at planarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing.

Kart

Planområdet

Planområdet er avgrensa langs eigedomsgrense og Angeltveitvatnet i sør, og langs eigedomsgrense og registrert fornminne i nord. I vest er det teke med del av FV 211 og eigedomar som grensar mot kryss.

Varslingsområdet er på om lag 60 dekar. I dette område inngår fleire eigedomar og del av FV 211. Andre tomter enn gnr. 23, bnr. 1 vert regulerte i samsvar med dagens bruk eller i dialog med grunneigar. Planområdet kan verta mindre enn varslingsområdet etter at vegløysingar og anna er avklart.

For LNF område vil ein sjå på bruk til friluftsliv, grønt struktur, fellesareal eller kolonihage. En ønskjer å leggja til rette for tursti som snarveg mot skulen. Ein ber særleg om innspel til slik bruk av LNF.

Informasjon og medverknad

FRIST FOR MERKNADER ER: 1.07.2016

Innspel og merknader sendes til:

Akons AS, pb. 21, 5207 Søfteland
Eller som e-post til: even@akons.no

Konsulent vil vera til stades utanfor bedehuset, Kjeldebergvegen 2, torsdag 26. juni kl. 18.00 for å svara på spørsmål som gjeld planarbeidet.

Alle innspel og merknader vil følgja planforslaget når det leverast til kommunen.

Vidare saksgang

Etter at merknadsfristen er ute vil sjølve planforslaget verta utarbeidd, for deretter å verta sendt til Fjell kommune for saksbehandling. Etter første gangs behandling i kommunen vert planen lagt ut til offentlig ettersyn. Det vert då høve til å koma med merknader og innsigelsar mot planforslaget før vidare politisk behandling.

Spørsmål om planarbeidet kan rettes til Even Akerø tlf. 980 98 397


Publisert: 25.05.2016 15:26
Sist endret: 15.06.2016 15:28
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00