Facebook ikon Twitter logo Print side

Knappskog gamle skule

Godkjent plan for Knappskog gamle skule, Hedlo gnr. 30/51, 485 m. fl. - Knappskog.

I samsvar med reglane i plan- og bygningslova vert det med dette kunngjort at kommunestyret har vedteke følgjande detaljreguleringsplan:

Knappskog gamle skule, Hedlo gnr. 30/51, 485 m.fl.- Knappskog.

Planområdet er på om lag 8,9 dekar og er lokalisert på Knappskog. Føremålet med planen er å leggja til rette for bygging av 30 bustadeiningar i leilegheitsbygg med parkering og uteareal på den gamle skuletomta på Knappskog. I tillegg vert standarden på vegen Hedlo utbetra med fortau og snuhammar.

Dokument

Planen kan ein sjå i Servicetorget i Rådhuset. Vedtaket kan påklagast til Fylkesmannen i Hordaland av den som er part i saka eller har rettsleg klageinteresse.

Klagefristen er 3 - tre - veker frå denne kunngjeringa. Klagen bør grunngjevast.

Eventuell klage skal sendast til:
Fjell kommune, Plan- og utbyggingssjefen, Postboks 184, 5342 Straume.

Elektronisk skjema

Når det gjeld verknaden av godkjend reguleringsplan, vert det vist til § 12-4 i plan- og bygningslova. Planen er bindande for alle arbeid eller tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet. Krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må vera sett fram seinast 3 - tre - år etter denne kunngjeringa.

Det vert gjort merksam på reglane for innløysing, slik dei er fastsett i plan- og bygningslova § 15-3. Dette inneber m.a. at grunn kan krevjast innløyst. For fullstendig oversikt over reglane viser ein til plan- og bygningslova. Ein kan og venda seg til kommunen for utfyllande informasjon.


Publisert: 04.08.2017 05:00
Sist endret: 01.08.2017 08:29