Facebook ikon Twitter logo Print side

Krekjebærneset - Ågotnes

Godkjent reguleringsplan for Krekjebærneset, gnr. 27, bnr. 10 m.fl. - Ågotnes.

I samsvar med reglane i plan- og bygningslova vert det med dette kunngjort at kommunestyret har vedteke følgjande reguleringsplan:

Krekjebærneset, gnr. 27, bnr 10 m.fl. - Ågotnes.

Planområdet er på om lag 25 dekar og ligg ved sjøkanten aust på Ågotnes. Formålet med planen er å leggja til rette for utbygging av nytt kommunalt reinseanlegg for avlaup på Krekjebærneset. Planen legg elles til rette for tilkomstveg, parkering, friluftsliv, utbetring av eksisterande vegar med fortau, utbering av kryss mellom Naustvikvegen og Skjergardsvegen (Fv. 561), ny tilkomstveg til dagligvarebutikk (Kiwi) og erstatning av parkeringsplassar ved butikken.

Dokument

Planen kan ein sjå i Servicetorget i Rådhuset.Vedtaket kan påklagast til Fylkesmannen i Hordaland av den som er part i saka eller har rettsleg klageinteresse.

Klagefristen er 3 - tre - veker frå denne kunngjeringa. Klagen bør grunngjevast.

Eventuell klage vert å senda:
Fjell kommune, Plan- og utbyggingssjefen, Postboks 184, 5342 Straume.

Elektronisk skjema

Når det gjeld verknaden av godkjend reguleringsplan, vert det vist til § 12-4 i plan- og bygningslova. Planen er bindande for alle arbeid eller tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet. Krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må vera sett fram seinast 3 - tre - år etter denne kunngjeringa.

Det vert gjort merksam på reglane for innløysing, slik dei er fastsett i plan- og bygningslova § 15-3. Dette inneber m.a. at grunn kan krevjast innløyst. For fullstendig oversikt over reglane viser ein til plan- og bygningslova. Ein kan og venda seg til kommunen for utfyllande informasjon.


Publisert: 28.10.2016 05:00
Sist endret: 27.10.2016 10:22