Facebook ikon Twitter logo Print side

Krekjebærneset

Framlegg til detaljreguleringsplan for Krekjebærneset, gnr. 27, bnr. 10 m. fl. – Ågotnes

I samsvar med reglane i plan- og bygningslova vert det med dette kunngjort at Fjell kommune har vedteke å leggja ut til offentleg ettersyn følgjande framlegg til detaljreguleringsplan:

KREKJEBÆRNESET, GNR. 27, BNR. 10 M. FL. – ÅGOTNES.

Planområdet er på om lag 25 dekar og ligg ved sjøkanten aust på Ågotnes. Formålet med planen er å leggja til rette for utbygging av nytt kommunalt reinseanlegg for avlaup på Krekjebærneset. Planen legg elles til rette for tilkomstveg, parkering, friluftsliv, utbetring av eksisterande vegar med fortau, utbering av kryss mellom Naustvikvegen og Skjergardsvegen (Fv. 561), ny tilkomstveg til dagligvarebutikk (Kiwi) og erstatning av parkeringsplassar ved butikken.

Tilhøyrande dokument 

Planen er også lagt ut offentleg ettersyn i Servicetorget i Rådhuset og Fjell folkeboksamling på Straume i tida 15.04 - 27.05.2016.

Eventuelle merknader til planen kan sendast til: Fjell kommune, Plan- og utbyggingssjefen, Postboks 184, 5342 Straume eller via elektronisk skjema innan 27.05.2016.

Skjema for høyringssvar


Publisert: 03.05.2016 08:57
Sist endret: 03.05.2016 09:24