Facebook ikon Twitter logo Print side

Landrovegen - Polleidet

Offentleg ettersyn for Landrovegen gnr 27/460 m. fl. Polleidet (planid 20130021)

Komité for plan og utvikling i Fjell kommune har den 12.04.2016, i sak KPU 60/16, godkjent at framlegg til detaljreguleringsplan for Landrovegen, gnr 27/460 m.fl. Polleide planID 20130021, vert lagt ut til offentleg ettersyn, i samsvar med § 12‐10 i plan‐ og bygningslova.

Planområdet er 20,9 daa, og ligg sør for skuleområdet på Ågotnes og aust for Valderhaug. Planen legg til rette for oppføring av maks 70 bustadeiningar i 2-3 etasjar, leikeplassar, grøntareal, turveg og gangbru over Angeltveitvassdraget.

Det vart før vedtak i KPU utarbeidd VA-rammeplan der det kom fram at flom i Angeltveitvassdraget kan skape problem for planområdet. Det vart difor vedteke at kulvertar under Vestsidevegen og Landrovegen skulle utbetrast. Det var også vedteke at konsekvensar nedstrøms i vassdraget skulle utgreiast. Etter vedtaket er det utarbeidd ein rapport som tilseier at flom i Angeltveitvassdraget ikkje vil få konsekvensar for området. Grunnlaget for krav til utbetring og utgreiing av konsekvensar nedstrøms fell difor vekk, og er difor ikkje innarbeidd i planen som no vert lagt ut til offentleg ettersyn.

Dokument:

Planen er lagt ut til offentleg ettersyn i servicetorget på rådhuset og Fjell folkeboksamling på Straume i tida 12.08-23.09.2016.

Eventuelle merknader vert å senda til:Fjell kommune, Plan- og utbyggingssjefen,
Postboks 184, 5342 Straume eller via elektronisk skjema innan 23.09.16

Elektronisk skjema


Publisert: 12.08.2016 05:00
Sist endret: 10.08.2016 13:03
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00