Facebook ikon Twitter logo Print side

Landrovegen - Polleidet/Ågotnes

Godkjent plan for Landrovegen gnr. 27/460 m. fl. - Polleidet/Ågotnes (PlanID: 20130021).

I samsvar med reglane i plan- og bygningslova vert det med dette kunngjort at kommunestyret har vedteke følgjande detaljreguleringsplan:

Landrovegen gnr. 27/460 m. fl. - Polleidet/Ågotnes (PlanID: 20130021).

Planområdet er omlag 21 daa, og ligg sør for skuleområdet på Ågotnes og aust for Valderhaug. Planen legg til rette for oppføring av maks 70 bustadeiningar i 2 – 3 etasjar, leikeplassar, grøntareal, turveg og gangbru over Angeltveitvassdraget.

Dokument

Planen kan ein sjå i Servicetorget i Rådhuset. Vedtaket kan påklagast til Fylkesmannen i Hordaland av den som er part i saka eller har rettsleg klageinteresse. 

Klagefristen er 3 - tre - veker frå denne kunngjeringa. Klagen bør grunngjevast.

Eventuell klage vert å senda:
Fjell kommune, Plan- og utbyggingssjefen, Postboks 184, 5342 Straume.

Elektronisk skjema 

Når det gjeld verknaden av godkjend reguleringsplan, vert det vist til § 12-4 i plan- og bygningslova. Planen er bindande for alle arbeid eller tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet. Krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må vera sett fram seinast 3 - tre - år etter denne kunngjeringa.

Det vert gjort merksam på reglane for innløysing, slik dei er fastsett i plan- og bygningslova § 15-3. Dette inneber m.a. at grunn kan krevjast innløyst. For fullstendig oversikt over reglane viser ein til plan- og bygningslova. Ein kan og venda seg til kommunen for utfyllande informasjon.


Publisert: 26.01.2018 05:00
Sist endret: 23.01.2018 12:45