Facebook ikon Twitter logo Print side

Luren - Foldnes

Godkjent detaljregulering for Luren, gnr. 36, bnr. 10 m. fl. – Foldnes (PlanID: 20140003).

Kommunestyret i Fjell kommune har i medhald av §12-12 i plan og bygningslova i møte 20.06.19 i sak KS 30/19, godkjent detaljregulering for Detaljregulering for Luren, gnr. 36, bnr. 10 m. fl. – Foldnes, (PlanID: 20140003).

Planområdet er omlag 33 daa og ligg på gamle Foldnes, nord på Litle Sotra. Reguleringsplanen legg til rette for bygging av 17 nye bustadeiningar i småhus med tilhøyrande infrastruktur, 10 nye naust, badeplass og småbåtanlegg for 17 båtar fordelt på to flytebryggjer.

Dokument

Klage

Klagefristen er tre veker etter kunngjeringsdato, frå 02.07.19. Klagen bør grunngjevast.

Eventuell klage kan sendast til: postmottak@fjell.kommune.no, som brev til Fjell kommune v/ Plan- og eigedomssjefen, postboks 184, 5342 Straume eller ved å bruka elektronisk skjema.

Elektronisk skjema

Verknader av planen

Når det gjeld verknaden av godkjend reguleringsplan, vert det vist til § 12-4 i plan- og bygningslova. Planen er bindande for alt arbeid eller tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet.

Krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må vera sett fram seinast tre år etter denne kunngjeringa.

Reglane for innløysing er fastsett i plan- og bygningslova § 15-3. Dette inneber m.a. at grunn kan krevjast innløyst. Sjå til plan- og bygningslova for fullstendig oversikt over reglane. Det er òg mogleg å ta kontakt med kommunen for utfyllande informasjon.


Sist endret: 26.06.2019