Facebook ikon Twitter logo Print side

Maimyra - Brattholmen

Varsel om oppstart av detaljregulering for Maimyra, gnr. 42, bnr. 3 m. fl. - Brattholmen

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Maimyra, gnr. 42, bnr. 3 m. fl. – Brattholmen

Reguleringsplan

Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området, og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak

Tiltakshavar og konsulent

Einar Norland er tiltakshavar.

Ard arealplan as og Arkitekt Rolf Eide AS er samarbeidande konsulentar for planarbeidet.

Planområdet

Planområdet ligg på Brattholmen like ved Brattholmen skule. Området ligg knappe 2 km frå Straume sentrum. Området inneheld i dag dels fyllområde, myr og noko spreidd skog
Området er i arealdelen til kommuneplanen avsett til framtidig bustadområde. Planavgrensinga følgjer i hovudsak dette formålet, men er tilpassa eigedomsgrenser i staden for formålsgrensa. Det er sett krav til reguleringsplan for heile området samla, som òg omfattar eit mindre område på andre sida av vegen. Planarbeidet vil ikkje regulere denne delen.

Kart
Utsnitt frå arealdelen til kommuneplanen, med planavgrensinga vist med stipla svart linje

Dokument

Varselkart

Formål med reguleringa

Formålet med planarbeidet er å legga området til rette for nye bustader.

Førebelse vurderingar tilseier at planen vil legga til rette for om lag 90 nye bustader. Det skal regulerast for ei variert bustadsamansetning, med rekkehus og blokker. Sentralt i området vil ein legge opp til å behalde bekkedraget, og nytte det som element i eit tilrettelagt grøntområde, og til overvasshandsaming. Området kring bautasteinen skal sikrast som grøntområde. Talet på bustader vert endeleg avklart i planarbeidet. 

Merknader til oppstartsmeldinga

Innspel eller merknader som har verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast til skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen
e-post: post@ardarealplan.no

Merknadsfrist

Frist for å komma med merknader er sett til 19.11.2016

Vidare saksgang

Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, for deretter bli sendt til Fjell kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i komité for plan og utvikling, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i minst seks veker. Det vil då vere mogleg å komma med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.


Publisert: 10.10.2016 14:12
Sist endret: 10.10.2016 14:07