Facebook ikon Twitter logo Print side

Myrane, Spjeld

Offentleg ettersyn for Myrane, gnr. 28, bnr. 134 m. fl. - Spjeld (PLANID: 20090024)

I samsvar med reglane i plan- og bygningslova vert det med dette kunngjort at Fjell kommune har vedteke å leggja ut til offentleg ettersyn følgjande framlegg til detaljreguleringsplan:

Myrane, gnr. 28, bnr. 134 m. fl. - Spjeld (PLANID: 20090024)

Planområdet er om lag 9,6 dekar, og ligg på Spjeld, langs Skjærgardsvegen. Føremålet med planen er å leggja til rette for bygging av totalt 26 bustadeiningar i form av leilegheiter og rekkehus. Planen legg også til rette for køyrbar gangveg, parkeringsareal, leike- og uteopphaldsareal med ein allmenning sentralt i planområdet, grøntområde og areal til nettstasjon, post og renovasjon.

Dokument

Planen er lagt ut til offentleg ettersyn i servicetorget på rådhuset og Fjell folkeboksamling på Straume i tida 24.11.17 – 15.02.18. 

Eventuelle merknader til planenane vert å senda til:
Fjell kommune, Plan- og utbyggingssjefen, Postboks 184, 5342 Straume innan 15.02.2018.

Elektronisk skjema


Publisert: 24.11.2017 05:00
Sist endret: 22.11.2017 09:22