Facebook ikon Twitter logo Print side

Næringsareal på Småloane

Offentleg ettersyn av detaljregulering for næringsareal på Smålonane, gnr. 35, bnr. 498 m. fl. – Straume.

Komité for plan og utvikling i Fjell kommune har i møte 03.04.2018 i sak KPU 32/18 godkjent at framlegg til detaljregulering for næringsareal på Smålonane, gnr. 35, bnr. 498 m. fl. – Straume, (PlanID: 20170004), vert lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med §12-10 i plan og bygningslova.

Sweco Norge AS har på vegne av Straume Handelseiendom AS utarbeidd framlegg til detaljregulering for næringsareal på Smålonane, gnr. 35, bnr. 498 m. fl. – Straume.

Planen legg til rette for om lag 19 000 m² næringsareal, som skal nyttast til plasskrevjande- og detaljvarehandel fordelt på fire bygningar.

Dokument

Offentleg ettersyn

Planen er lagt ut til offentleg ettersyn i servicetorget på rådhuset og Fjell folkeboksamling på Straume i tida 10.04 – 22.05.2018

Merknader

Eventuelle merknader til planframlegget kan sendast til: postmottak@fjell.kommune.no, som brev til Fjell kommune v/ Plan- og utbyggingssjefen, postboks 184, 5342 Straume eller ved å bruka elektronisk skjema, innan 22.05.2018

Elektronisk skjema


Publisert: 10.04.2018 05:00
Sist endret: 06.04.2018 09:20