Facebook ikon Twitter logo Print side

Nordre Helleren - Solsvika

Offentleg ettersyn for Nordre Helleren på gnr 25/313 m. fl. - Solsvika (plaid: 20160012).

I samsvar med reglane i plan- og bygningslova vert det med dette kunngjort at Fjell kommune har vedteke å leggja ut til offentleg ettersyn følgjande framlegg til detaljreguleringsplan:

 Nordre Helleren på gnr 25/313 m.fl. – Solsvika (PlanID: 20160012)

Planområdet er på om lag 8,3 daa og ligg på Solsvik, nord for Solplassen. Området er i kommuneplan for Fjell del av eit område avsett til framtidig bustadareal. Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for bygging av 4 einebustadar og 1 tomannsbustad.

Dokument

Planen vert lagt ut til offentleg ettersyn i Servicetorget på Rådhuset og Fjell folkeboksamling i tida 24.02-07.04.17.

Merknader

Har du merknader til planen kan denne sendast per post til:
Fjell kommune, Plan- og utbyggingssjefen, Postboks 184, 5342 Straume.

Du kan også senda e-post til postmottak@fjell.kommune.no Hugs å merka sendinga med saksnr. 2017/52.

Elektronisk skjema

Fristen for å senda merknad er 07.04.17.

Etter administrativ vurdering av eventuelle merknader vert planen lagt fram for 2. gangs handsaming i komité for plan og utvikling.

Plan- og utbyggingssjefen


Publisert: 24.02.2017 05:00
Sist endret: 23.02.2017 08:20