Facebook ikon Twitter logo Print side

Nordre Helleren

Varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid detaljregulering for Nordre Helleren, gnr. 25, bnr. 313 m.fl. - Solsvik

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Nordre Helleren, gnr. 25, bnr. 313 m.fl. - Solsvika, i Fjell kommune.

Reguleringsplan

Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som viser bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent

Maudhill Langeland er tiltakshavar. Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.

Planområdet

Planområdet ligg på Solsvika heilt nord i Fjell kommune, 5 km frå Ågotnes og 17 km frå Straume. For å nå området frå Straume sentrum tar ein rv.555 mot vest, vidare nordover på fv.561 og inn på den kommunale vegen Øvre Elvebakken.

Området er i kommuneplan for Fjell del av eit område avsett til framtidig bustadareal, med krav om felles planlegging (H810_29). Politisk vedtak gjort 08.03.2016 i komité for plan og utvikling, seier at planområdet kan avgrensast til gnr. 25, bnr. 313, 314, 315, 316 og 317 som utgjer ein naturleg del av planområdet. Det er dette avgrensa området, samt vegtilkomst, som det no vert varsla oppstart for.

Planområdet er avgrensa på vedlagt kart og på utsnittet under. Planområdet er på om lag 8 daa.


Figur 1: Kommuneplan for Fjell, med planområdet markert med sortstipla line.

Dokument

Varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid

Formål med planen

Formålet med planen er å gjera området tilrettelagt for bustadutbygging. Tilkomst vil vere frå Øvre Elvebakken som er ein kommunal veg.

Grunneigarane ønskjer å få regulert ein tomannsbustad (på bnr. 313) og fire einebustadar (på bnr. 314-317) - totalt 6 einingar. Vegtilkomst er planlagt over nabotomt i aust (bnr. 245), og ut i Øvre Elvebakken. Endeleg utforming vert avklara i planarbeidet.

Merknader til varsel om oppstart

Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som gjeld løysingar for planen eller som gjeld særlege behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen
e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje nødvendig å senda kopi av merknader til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknader og andre innspel vert sendt Fjell kommune saman med planforslaget.

Merknadsfrist

Frist for merknader er satt til 21.juni 2016.

Vidare saksgang

Etter merknadsfristen vert forslag til reguleringsplan utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Fjell kommune for saksbehandling. Etter første gongs behandling vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vert då mogleg å koma med merknader til planforslaget før vidare politisk behandling.


Publisert: 06.05.2016 15:29
Sist endret: 15.06.2016 15:32
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00