Facebook ikon Twitter logo Print side

Nordre Steinhaugen

Varsel om oppstart av privat reguleringsplan for Nordre Steinhaugen Gbnr 33/12, m.fl. – Kolltveit/Morlandstø

I medhold av §§ 12-1 og 12-8 i plan- og bygningslova vert det varsla oppstart av privat reguleringsplan for Nordre Steinhaugen Gbnr 33/12, m.fl. – Kolltveit/Morlandstø

Tiltakshavar er Nils Svein Nilsen, og Prosjektstyring Vest AS er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet er på Ca 44 daa og er i kommuneplanens arealdel sett av til område for framtidige bustader. Delar av området er i kommuneplanen sett av til LNF område.

Formålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for hovudsakleg konsentrert bustadbygging med tilhøyrande infrastruktur.

Naboar og grunneigarar vert varsla direkte. Merknader og synspunkt som kan ha betyding for planarbeidet kan sendast til:

Prosjektstyring Vest AS
Pb. 66, 5318 Strusshamn

Frist for merknader er sett til 15.8.2016. Alle mottekne merknadar vert sendt til kommunen saman med planframlegget.

Spørsmål kan rettast til Arne Kristiansen på tlf: 950 66 447 eller e-post: arne@psv.no


Publisert: 17.06.2016 12:40
Sist endret: 17.06.2016 12:44
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00