Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny Fv 561 Kolltveit - Ågotnes - Sotrasambandet

Offentleg ettersyn av detaljreguleringsplan for ny Fv 561 Kolltveit - Ågotnes - Sotrasambandet.

I samsvar med Plan og bygningslova § 12-10 vert det med dette kunngjort at Fjell kommune har vedteke å leggja ut til offentleg ettersyn og høyring framlegg til detaljreguleringsplan for Sotrasambandet, ny rv 561 mellom Kolltveit og Ågotnes.

Fjell kommune har i nært samarbeid med Statens vegvesen utarbeida framlegg til detaljreguleringsplan for ny fylkesveg 561 mellom Kolltveit og Ågotnes.

Kart over ny Fv 561 Kolltveit - Ågotnes - Sotrasambandet

Dokument

Offentleg ettersyn

Reguleringsplanane er lagt ut til offentleg ettersyn og høyring i perioden 14.12.2018 – 01.02.2019. Frist for uttale er sett til 1.02.2019.

Planane finn du i Servicetorget på Fjell rådhus og Fjell folkeboksamling på Straume.

Merknader

Eventuelle merknader til planen skal sendast skriftleg til Fjell kommune, Plan- og eigedomssjefen, Postboks 184, 5342 Straume. Ein kan også sende e-post til postmottak@fjell.kommune.no eller bruke elektronisk skjema. Hugs å merke sendinga med saksnr. 2017/1172. Frist for uttale er sett til 01.02.2019.

Elektronisk skjema

Kontordag

Det vil verta halde kontordag på Fjell Rådhus, torsdag 10.01.2019 kl 14.00-18.00, der alle som treng meir informasjon om planframlegget er inviterte til å komme.

Spørsmål i tilknyting til reguleringsplanen i Fjell kan rettast til:
Fjell kommune v/Einar Lunde, tlf 55 09 73 74 e-post: einar.lunde@fjell.kommune.no


Sist endret: 13.12.2018