Facebook ikon Twitter logo Print side

Reguleringsplan for Skogsskiftet sentrum

Varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Reguleringsplan

Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som viser bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området, og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak, eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent

Det er Fjell og Sund kommune som er ansvarlege for planarbeidet. Plandokumenta vert utarbeidd av Multiconsult.

Planområdet

Planområdet omfattar dagens kommunesenter i Sund kommune. Reguleringsplanen vil legge til rette for vidare utvikling av sentrumskjernen med nye forretningar, kontor, bustadar, park, gate/veg. I tråd med tidlegare eller gjeldande planar er det etablert bensinstasjon, helsehus, forretningar, bibliotek, kontor, sjukeheim, omsorgsbustadar og barnehage. Det meste vert vidareført i ny plan.

Dokument:

Varslingskart:
Planavgrensinga er vist som stipla line i kartutsnittet nedanfor.
Kartutsnitt

Formålet med reguleringa:

Reguleringsplanen vil vera ein offentleg detaljreguleringsplan for dagens kommunesenter i Sund kommune Hovudhensikta med planen er å gje gode rammer for utviklinga av Skogsskiftet. Ein tek sikte på å flytte brannstasjon og bussparkering vekk frå dagens sentrum. Det vert lagt til rette for forretningar på gateplan, kontorareal i påfølgjande etasje og bustadar i dei øvste etasjane. Vidare er det ønskjeleg at sentrumsområdet får ei miljøgate og vert eit knutepunkt for bilistar, gåande, syklande og kollektivtransport. Det vil også bli sett på moglegheita for å etablere gode koplingar ned mot Skogsvatnet.

Medverknad

Råka grunneigarar og naboar vil bli varsla direkte med brev.

Det vert vidare eit informasjonsmøte om planarbeidet den 17. oktober kl. 18:00. Møtet er ope for alle interesserte og vert halde i formannskapsalen på kommunehuset i Sund. I møtet vil ein ta utgangspunkt i enkle skisser som viser plangrepet for sentrumsområdet.

De er velkommen til å delta og å gje innspel til det vidare planarbeidet.

Dersom du har innspel til planarbeidet, kan du sende det til postmottak@sund.kommune.no eller til Sund kommune, postboks 23, 5371 Skogsvåg.

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med Sund kommune. Tlf. 56327500
E-post: mona.rabben@sund.kommune.no

Du kan følje saka på Sund kommune si nettside: https://www.sund.kommune.no/plan-bygg-og-eigedom/planar-pa-hoyring/

Merknadsfrist

Frist for å komma med merknader er sett til 29. oktober 2018.

Vidare saksgong

Alle merknadar som vert sendt inn skal vurderast av Fjell og Sund kommune. Etter at meldingsfristen er gått ut vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, for deretter å bli teken opp til politisk behandling for vurdering og saksbehandling.

Etter første gongs behandling i dei politiske utvala i kommunane, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i minst seks veker. Det vil då vera mogleg å komma med merknader til planframlegget før vidare politisk behandling.
Heile planprosessen kan følgjast via Sund kommune si nettside: https://www.sund.kommune.no/plan-bygg-og-eigedom/planar-pa-hoyring/

 


Publisert: 09.10.2018 16:40
Sist endret: 09.10.2018 16:46