Facebook ikon Twitter logo Print side

Skulebakken - Knarrvika

Detaljreguleringsplan for Skulebakken på gnr. 40/7, 37 m.fl. - Knarrvika. Varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Reguleringsplan

Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som viser bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området, og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak, eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent

Gobo Bygg og Bolig as er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.

Planområdet

Planområdet ligg i Knarrevik, like på oppsida av Rv 555 Skjergardsvegen og er del av eksisterande bustadområde.
Området er i kommuneplanen i hovudsak avsett til bustader. Det er fleire usikre grenser i området og ein har difor tatt med eit ekstra stort planområde, slik at ein ikkje treng å varsle utviding av planområdet seinare. Når alle eigedomane i planområdet er oppmålt vil plangrensa bli tilpassa desse og planområdet vil bli redusert i storleik.
Det er vurdert at planen ikkje fell under vilkåra etter forskrift om konsekvensutgreiing.
Planområdet er på ca. 49,2 daa.

Dokument:

Formålet med reguleringa:

Føremålet med planen er å auke utnyttinga innanfor planområdet ved å legge til rette for leilegheiter i det gamle skulebygget i Skulebakken 7, samt å leggje til rette for leilegheiter i den tidlegare sjukeheimen i Blåsenborgvegen 20. Det vil i planarbeidet også vere fokus på trygg skuleveg og korleis dette kan ivaretakast på best mogleg måte. Ein ser for seg ei løysing med å lage ein gangforbinding frå Skulebakken over tomtane 40/86 og 40/89 til gangveg langs Rv 555 som leier ned til gangvegsystemet langs Fv 209/ Blåsenborgvegen.
Lenkje til kart over hovudeigedom der kommuneplan er vist:
http://tinyurl.com/y3lm9moc

Merknader til oppstartsmeldinga

Merknader og opplysningar som kan vera interessante for planarbeidet kan sendast til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen
e-post: post@ardarealplan.no

Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vil følgja planforslaget når planen vert sendt til kommunen for behandling.

Merknadsfrist

Frist for å komma med merknader er sett til 10.mai 2019

Vidare saksgong

Alle merknadar som vert sendt inn skal vurderast av forslagstillar. Etter at meldingsfristen er gått ut vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, for deretter å bli sendt til Fjell kommune for vurdering og saksbehandling.

Etter første gongs handsaming i komité for plan og utvikling, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i minst seks veker. Det vil då vera mogleg å komma med merknader til planframlegget før vidare politisk behandling.
Heile planprosessen kan følgjast via postlistene til Fjell kommune. Søk etter saksnr. 2018/1178. Lenkje til postlista.

 


Sist endret: 20.03.2019