Facebook ikon Twitter logo Print side

Smålonane gnr.35, bnr. 498 m. fl.

Varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Reguleringsplan

Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som viser bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området, og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak, eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent

Straume Handelseiendom AS er tiltakshavar.
Sweco AS er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet

Planområdet er på 36.7 daa og ligg på Straume (markert med stipla linje i kartutsnittet nedanfor). Planområdet har fram til no vore nytta som masseuttak og til produksjon av pukk, grus og solda jord.


Utsnitt frå kommunedelplan for Straume 2005-2018

Området er i arealdelen til kommuneplanen (2015-2026) vist med sentrumsføremål.

I kommunedelplan (KDP) for Straume (2005-2018) er området sett av til nærings- og forretningsområde, merkt N1. Føresegnene legg føringar for å leggje til rette for lett industri, engrosfirma og sal av plasskrevjande varer.

I gjeldande utbyggingsplan for Straume sør, Felt F-I-1, vedteke 2000, er området regulert til lettare industri, kontor- og forretning med tilhøyrande anlegg

Planområdet i kartløysinga til kommunen finn du her.

Dokument:

Varselkart

Formålet med reguleringa:

Hovudformålet med planarbeidet er nærings- og forretningsformål, i form av varehandel, både plasskrevjande varer og detaljhandel. Det er ønskjeleg å leggje til rette for etablering av opp mot 20 000 m ² nye næringsbygg. Problemstillingar i planarbeidet er: støy, parkering, infrastruktur og omfang/utforming. Hovudproblemstillinga er trafikkutfordringane i Straume sentrum. Tiltaka i planforslaget vil medføra til auke i biltrafikken, mens det gjennom KDP for Straume blir lagt opp til ei utvikling i retning av miljøgater og redusert trafikk.

Planen kjem ikkje inn under vilkåra for konsekvensutgreiing.

Merknadar til oppstartsmeldinga

Merknader og opplysningar, som kan ha interesse for planarbeidet til:
Sweco Norge AS v/Irene Vaage
Fantoftvegen 14p
5072 Bergen.

Merknader kan også sendast på e-post til: irene.vaage@sweco.no.
Spørsmål angåande planarbeidet kan rettast same stad, eventuelt på telefon: 55 27 50 00.

Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vil følgje planforslaget når det blir sendt til kommunen for handsaming.

Merknadsfrist

Frist for å komma med merknader er sett til 26. august 2017.

Vidare saksgong

Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, for deretter å bli sendt til Fjell kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i komité for plan og utvikling, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i minst seks veker. Det vil då vere mogleg å komma med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.


Publisert: 07.07.2017 10:31
Sist endret: 07.07.2017 10:39