Facebook ikon Twitter logo Print side

Snekkevikneset - Snekkevika

Godkjent plan for Snekkevikneset gnr. 43, bnr. 750 m. fl. - Snekkevika (planid: 2008002)

I samsvar med reglane i plan- og bygningslova vert det med dette kunngjort at kommunestyret har vedteke følgjande detaljreguleringsplan:

Snekkevikneset gnr. 43, bnr. 750 m. fl. - Snekkevika (planid: 2008002)

Planområdet er på om lag 31 dekar og ligg søraust på Litlesotra, sør for Brattholmen. Planen opna for å gjere 10 fritidsbustader om til bustad. Planen legg også til rette for oppføring av naust, flytebryggjer, leikeplass, badeplass, uteopphaldsareal og nytt vegnettet.

Dokument

Planen kan ein sjå i Servicetorget i Rådhuset. Vedtaket kan påklagast til Fylkesmannen i Hordaland av den som er part i saka eller har rettsleg klageinteresse.

Klagefrist

Klagefristen er 3 - tre - veker frå denne kunngjeringa. Klagen bør grunngjevast.

Eventuell klage vert å senda:
Fjell kommune, Plan- og utbyggingssjefen, Postboks 184, 5342 Straume.

Elektronisk skjema

Meir informasjon

Når det gjeld verknaden av godkjend reguleringsplan, vert det vist til § 12-4 i plan- og bygningslova. Planen er bindande for alle arbeid eller tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet. Krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må vera sett fram seinast 3 - tre - år etter denne kunngjeringa.

Det vert gjort merksam på reglane for innløysing, slik dei er fastsett i plan- og bygningslova § 15-3. Dette inneber m.a. at grunn kan krevjast innløyst. For fullstendig oversikt over reglane viser ein til plan- og bygningslova. Ein kan og venda seg til kommunen for utfyllande informasjon.


Publisert: 28.03.2017 05:00
Sist endret: 24.03.2017 12:21