Facebook ikon Twitter logo Print side

Søra Sundet - Knappskog

Varsel om oppstart av detaljerguleringsplan for Søra Sundet, gnr 30, bnr. 687 m. fl. - Knappskog (planID 19930007).

Reguleringsplan

Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som viser bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området, og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak, eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent

Landro Byggeservice AS er tiltakshavar. Dig Plan AS er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet

Arealet er ca. 13 daa, og er i dag bygd ut med to naust og flytebryggjer. Området der det er ønskjeleg å byggja nye naust med båthamn, er i dag fylt ut og delvis planert.

Planområdet er del av reguleringsplan for Areknappen (planID 19930007) med føremåla naust, køyreveg og småbåthamn. Arealdelen til kommuneplanen vidarefører gjeldande reguleringsplan.

Reguleringsplanen kjem ikkje inn under vilkåra for konsekvensutgreiing, men utfylling i sjø skal vurderast særskilt.

Planområdet i kartløysinga til kommunen finn du her.

Dokument

Formålet med reguleringa

Formålet med reguleringa er å leggja til rette for nye naust og småbåthamn i sjø, felles/privat køyreveg, parkering og grønstruktur.

Merknader til oppstartsmeldinga

Merknader og opplysningar som kan vera interessante for planarbeidet kan sendast til:

Dig Plan AS
Fardalen 38
5378 Klokkarvik

Merknader kan også sendast på e-post til: oyvind@dig-plan.no

Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vil følgja planforslaget når planen vert sendt til kommunen for behandling.

Merknadsfrist

Frist for å komma med merknader er sett til 15.06.2018.

Vidare saksgong

Alle merknadar som vert sendt inn skal vurderast av forslagstillar. Etter at meldingsfristen er gått ut vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, for deretter å bli sendt til Fjell kommune for vurdering og saksbehandling.

Etter første gongs handsaming i komité for plan og utvikling, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i minst seks veker. Det vil då vera mogleg å komma med merknader til planframlegget før vidare politisk behandling.

Heile planprosessen kan følgjast via postlistene til Fjell kommune. Søk etter saksnr. 17/5573


Publisert: 11.05.2018 05:00
Sist endret: 08.05.2018 15:55