Facebook ikon Twitter logo Print side

Steingardsvegen - Landro

Varsel om oppstart av detaljregulering for Steingardsvegen, gnr. 24, bnr. 16 m. fl. - Landro.

I medhald av plan og bygningslova (pbl.) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Steingardsvegen, gnr. 24, bnr. 16 m. fl. – Landro.

Reguleringsplan

Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som viser bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området, og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent

Eide Boligutvikling AS er tiltakshavar.
Ard arealplan AS i samarbeid med Arkitekt Rolv Eide AS er konsulentar for reguleringsplanarbeidet

Planområdet

Planområdet ligg langs Landrovegen, like sør for Landro skule. Området grenser til bustader og fylkesveg 211, Landrovegen. Planområdet er i arealdelen til kommuneplanen hovudsakleg sett av til bustadområde, der størstedelen av området er omfatta av omsynssone med føringar om at reguleringsplan framleis skal gjelde. I gjeldande reguleringsplan for Landro (PlanID: 20060024), er planområdet regulert til bustad.

Utsnitt frå arealdelen til kommuneplanen 2015-2026
Utsnitt frå arealdelen til kommuneplanen 2015-2026

Planområdet i kartløysinga til kommunen finn du her.

Dokument:

Varselkart

Formålet med reguleringa:

Hovudføremålet med planarbeidet er å leggja til rette for bustader med tilhøyrande leike- og uteopphaldsareal, vegar og parkering. Ein ser for seg småhus i kjede eller mindre leilegheitsbygg (to-firemannsbustader).

Planen kjem ikkje inn under vilkåra for konsekvensutgreiing.

Merknadar til oppstartsmeldinga

Merknader som har verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast til:
Ard arealplan AS
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen
e-post: post@ardarealplan.no

Merknadsfrist

Frist for å komma med merknader er sett til 23. mai 2017.

Vidare saksgong

Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, for deretter å bli sendt til Fjell kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i komité for plan og utvikling, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i minst seks veker. Det vil då vere mogleg å komma med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.


Publisert: 11.04.2017 05:00
Sist endret: 06.04.2017 16:41