Facebook ikon Twitter logo Print side

Stemmebakken (golfbane) på Kolltveit

Godkjent plan for detaljreguleringsplan med konsekvensutgreiing for Stemmebakken (golfbane) på Kolltveit (Planid 20150011)

I samsvar med reglane i plan- og bygningslova vert det med dette kunngjort at kommunestyret har vedteke følgjande reguleringsplanar:

  • Detaljreguleringsplan med konsekvensutgreiing for Stemmebakken (golfbane) på Kolltveit (PLANID 20150011)

Planområdet er omlag 33 dekar og grensar opp til eksisterande golfbane i søraust og til reguleringsplan for nytt Sotrasamband i sørvest. Området er regulert til føremål golfbane og er tenkt som erstatningsareal for areal på eksisterande golfbane som vert råka i samband med vegutbygginga.

Kart over golfbane

Dokument:

Planane kan ein sjå i Servicetorget i Rådhuset. Vedtaket kan påklagast til Fylkesmannen i Hordaland av den som er part i saka eller har rettsleg klageinteresse.

Klagefrist

Klagefristen er 3 - tre - veker frå denne kunngjeringa. Klagen bør grunngjevast.

Eventuell klage vert å senda: Fjell kommune, Plan- og utbyggingssjefen, Postboks 184, 5342 Straume eller via elektronisk skjema.

Elektronisk skjema

Generell informasjon

Når det gjeld verknaden av godkjend reguleringsplan, vert det vist til § 12-4 i plan- og bygningslova. Planen er bindande for alle arbeid eller tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet. Krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må vera sett fram seinast 3 - tre - år etter denne kunngjeringa.

Det vert gjort merksam på reglane for innløysing, slik dei er fastsett i plan- og bygningslova § 15-3. Dette inneber m.a. at grunn kan krevjast innløyst. For fullstendig oversikt over reglane viser ein til plan- og bygningslova. Ein kan og venda seg til kommunen for utfyllande informasjon.


Publisert: 12.08.2016 05:00
Sist endret: 10.08.2016 13:55
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00