Facebook ikon Twitter logo Print side

Storsteinsvegen - Nordre Fjell

Varsel om oppstart av Detaljregulering for Storsteinsvegen, gnr. 58, bnr 36, m.fl – Nordre Fjell

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-1 og 12-8 vert det med dette varsla om igangsetting av privat reguleringsarbeid for Storsteinsvegen, gnr 58 bnr 36 m.fl., Nordre Fjell, Fjell kommune. Planoppstart vart opprinneleg varsla i brev av 11.05.15, ved Unikus AS. Planområdet er no utvida, og planforslaget vert difor i samråd med Fjell kommune no varsla på nytt.

Forslagsstillar

Forslagsstillar er BYHUS Utvikling AS. OPUS Bergen AS er utførande konsulent for planlegginga.

Planområdet

Planområdet ligg ved Fv 555 i Nordre Fjell, og er avgrensa som vist på kartutsnittet nedanfor. Planområdet er samla på om lag 34 daa, og grensar mot fylkesvegen, eksisterande bustadområde og LNF-område.

Planstatus

I gjeldande kommuneplan (2015-2026) er planområdet i hovudsak sett av til bustadføremål. Ein mindre del av planområdet er vist som LNF-område i kommuneplanen. Hovuddelen av planområdet er uregulert. Planen vil erstatta delar av planane 129 Bjørkhaug, Fjell (planID 20040002), og 35 RP Fjell sentrum (PlanID 19980007).

Formålet med planforslaget

Formålet med planforslaget er å halda fram eit eksisterande bustadområde. Ein ønskjer å leggja til rette for 10-12 eine-/tomannsbustader, eventuelt blanda med meir konsentrert busetnad, med gode uteopphaldsareal og tilhøyrande infrastruktur. Type busetnad vert ein del av utgreiingane i planprosessen.

Planforslaget er med dette vurdert som ikkje konsekvensutgreiingspliktig.

Informasjon og medverknad:

For nærare informasjon kontakt OPUS Bergen AS, tlf. 55 21 41 50, faks 55 21 41 60, e-post post@opus.no.

Merknader til oppstartsmeldinga:

Merknader som har verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast:

OPUS Bergen AS
Strandgaten 59
5004 Bergen

eller elektronisk gjennom www.opus.no via fana «Planvarsel». Her vil også referat frå oppstartsmøtet med kommunen leggjast ut.

Det er ikkje nødvendig å senda kopi av merknader til Fjell kommune. Dette vil gjerast av OPUS Bergen AS. Alle mottekne dokument, merknader og liknande vert send kommunen samla saman med planforslaget.

Frist for merknader er sett til 27.05.2016.

Vidare saksgang:

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verta utarbeidd og sendt til Fjell kommune for behandling.

Etter 1. gongs behandling vert planen send på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då igjen vere mogleg å sende merknader til planforslaget før vidare politisk behandling.


Publisert: 04.05.2016 12:12
Sist endret: 04.05.2016 12:11
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00