Facebook ikon Twitter logo Print side

Straumsfjellet - Arefjord

Godkjent detaljregulering for Detaljreguleringsplan for Straumsfjellet gnr 41/578,579 m.fl. - Arefjord (PlanID: 20100007).

Kommunestyret i Fjell kommune har i medhald av §12-12 i plan og bygningslova i møte 27.09.2018 i sak KS 48/18 godkjent detaljregulering for Straumsfjellet gnr 41/578,579 m.fl. -
Arefjord, (PlanID: 20100007).

Planområdet er om lag 16 dekar, og ligg søraust for Straume sentrum. Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for 5 bustadblokker som samsvarer med overordna plan om høg utnytting av tomta. Planen legg til rette for oppføring av 83 nye bustadeiningar, leikeplassar, grøntareal, stiar, vegar og parkering.

Dokument

Klage

Klagefristen er tre veker etter kunngjeringsdato, frå 06.11.2018 – 27.11.2018. Klagen bør grunngjevast.

Eventuell klage kan sendast til: postmottak@fjell.kommune.no, som brev til Fjell kommune v/ Plan- og utbyggingssjefen, postboks 184, 5342 Straume eller ved å bruka elektronisk skjema, innan 27.11.2018.

Elektronisk skjema

Verknader av planen

Når det gjeld verknaden av godkjend reguleringsplan, vert det vist til § 12-4 i plan- og bygningslova. Planen er bindande for alt arbeid eller tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet.

Krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må vera sett fram seinast tre år etter denne kunngjeringa.

Reglane for innløysing er fastsett i plan- og bygningslova § 15-3. Dette inneber m.a. at grunn kan krevjast innløyst. Sjå til plan- og bygningslova for fullstendig oversikt over reglane. Det er òg mogleg å ta kontakt med kommunen for utfyllande informasjon.


Publisert: 06.11.2018 05:00
Sist endret: 02.11.2018 08:12