Facebook ikon Twitter logo Print side

Tibben - Trengereid

Offentleg ettersyn for detaljregulering for Tibben gnr 1, bnr 3 m. fl. - Trengereid (PlanID: 20170003).

Komité for plan og utvikling i Fjell kommune har i møte 03.04.2018 i sak KPU 30/18 godkjent at framlegg til detaljregulering for Tibben, gnr 1/3 m. fl., planID: 20170003, vert lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med §12-10 i plan og bygningslova.

Planområdet er på om lag 34 daa og ligg på Trengereid, heilt sør i Fjell kommune. Formålet med planen er å leggja til rette for bygging av totalt 17 bustadeiningar i form av rekkehus og ein einebustad, med tilhøyrande infrastruktur, felles uteopphaldsareal og leikeplass.

Dokument

Offentleg ettersyn

Planen er lagt ut til offentleg ettersyn i servicetorget på rådhuset og Fjell folkeboksamling på Straume i tida 10.04 – 22.05.2018.

Merknader

Eventuelle merknader til planen kan sendast til: postmottak@fjell.kommune.no, som brev til Fjell kommune v/ Plan- og utbyggingssjefen, postboks 184, 5342 Straume eller ved å bruka elektroniske skjema, innan 22.05.2018.

Elektronisk skjema


Publisert: 10.04.2018 05:00
Sist endret: 09.04.2018 12:54