Facebook ikon Twitter logo Print side

Tibben - Trengereid

Godkjent detaljregulering for Tibben gnr. 1, bnr. 3 m. fl. - Trengereid (PlanID: 20170003).

Kommunestyret i Fjell kommune har i medhald av §12-12 i plan og bygningslova i møte 22.11.2018 i sak KS 65/18, godkjent detaljregulering for Tibben gnr. 1, bnr. 3 m. fl. - Trengereid (PlanID: 20170003).

Planområdet er på om lag 34 daa og ligg på Trengereid. Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for bygging av totalt 17 bustadeiningar i form av rekkehus og ein einebustad, med tilhøyrande infrastruktur, felles uteopphaldsareal og leikeplass.

Dokument

Merknad

Klagefristen er tre veker etter kunngjeringsdato, frå 07.12.2018. Klagen bør grunngjevast.

Eventuell klage kan sendast til: postmottak@fjell.kommune.no, som brev til Fjell kommune v/ Plan- og utbyggingssjefen, postboks 184, 5342 Straume eller ved å bruka elektronisk skjema.

Elektronisk skjema

Verknader av planen

Når det gjeld verknaden av godkjend reguleringsplan, vert det vist til § 12-4 i plan- og bygningslova. Planen er bindande for alt arbeid eller tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet.

Krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må vera sett fram seinast tre år etter denne kunngjeringa.

Reglane for innløysing er fastsett i plan- og bygningslova § 15-3. Dette inneber m.a. at grunn kan krevjast innløyst. Sjå til plan- og bygningslova for fullstendig oversikt over reglane. Det er òg mogleg å ta kontakt med kommunen for utfyllande informasjon.


Sist endret: 04.12.2018