Facebook ikon Twitter logo Print side

Trettevika, Bjorøyna

Offentleg ettersyn for Trettevika gnr. 50, bnr. 161 m. fl. - Bjorøyna (PlanId: 20160005)

I samsvar med reglane i plan- og bygningslova vert det med dette kunngjort at Fjell kommune har vedteke å leggja ut til offentleg ettersyn følgjande framlegg til detaljreguleringsplan:

Trettevika gnr. 50, bnr. 161 m. fl. - Bjorøyna (PlanId: 20160005).

Planområdet er på dekar 9,5 dekar og ligg i Trettevika, litt sør for Eie, på vestsida av Bjorøy. Føremålet med planarbeidet er legga til rette for bustader i eit område som i dag består av fem fritidsbustader. Planframlegget opnar for fem nye bustader, med totalt seks bustadeiningar. Planen legg i tillegg til rette for oppføring av eitt nytt naust, småbåtføremål, tilkomstveg, gangveg og leikeplass.

Dokument

Planen er lagt ut til offentleg ettersyn i servicetorget på rådhuset og Fjell folkeboksamling på Straume i tida 07.01. – 16.02.2018. 

Eventuelle merknader til planenane vert å senda til:
Fjell kommune, Plan- og utbyggingssjefen, Postboks 184, 5342 Straume innan 16.02.2018.

Elektronisk skjema


Publisert: 07.01.2018 00:00
Sist endret: 09.01.2018 14:52