Facebook ikon Twitter logo Print side

Turøyna hyttefelt

Offentleg ettersyn av detaljreguleringsplan for Turøyna hyttefelt, gnr 60/175 m. fl.

Komité for plan og utvikling i Fjell kommune har i møte 12.06.2018 i sak KPU 77/44, godkjent at framlegg til detaljregulering for Detaljreguleringsplan for Turøyna hyttefelt, gnr 60/175 m. fl. (PlanID: 20070060), vert lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med §12-10 i plan- og bygningslova.

Formålet med planen er å leggja til rette for etablering av inntil 71 fritidsbustader, småbåthamn og bøyehamn med til saman 106 båtplassar, 15 naust, fritids- og turistformål med utleige og ulike servicetilbod, næringsverksemd med kafé, marina, kajakk- og kanoutleige, vinterlagring av båtar, drivstoffutsal m.m. I tillegg vil det verta etablert tilhøyrande funksjonar som vegar, gangvegar, friluftsområde, badevik, turstiar og parkeringsplassar for allmenta.

Dokument

Offentleg ettersyn

Planen er lagt ut til offentleg ettersyn i servicetorget på rådhuset og Fjell folkeboksamling på Straume i tida 07.09 – 19.10.2018.

Merknader

Eventuelle merknader til planen kan sendast til: postmottak@fjell.kommune.no, som brev til
Fjell kommune v/ Plan- og utbyggingssjefen, postboks 184, 5342 Straume eller
ved å bruka elektronisk skjema, innan 19.10.2018.

Elektronisk skjema


Publisert: 07.09.2018 05:00
Sist endret: 05.09.2018 13:32