Facebook ikon Twitter logo Print side

Utviding av Landro gravplass, gnr. 24 bnr. 7 m.fl., Landro

Oppstart av planarbeid

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-1, 12-8 og 12-15 vert det kunngjort oppstart av offentleg detaljregulering og søknad om byggeløyve for Utviding av Landro gravplass, gnr. 24 bnr. 7 m.fl., Landro, Fjell kommune.

Tiltakshavar er Fjell kommune.
Rambøll Norge AS er utøvande konsulent.

Hovudføremålet med planen er å regulera areal for offentleg føremål for utviding av dagens gravplass. Ein del av arbeidet vil innebera at kraftline må leggast om for ikkje å krysse gravplassen.

Planområdet som vert varsla grensar mot bustadområde i nord, LNFR-område i øst og sør og Landrovegen (Fv211) i vest. Varsla planområde er om lag 37,4 daa, kor areal for utviding av gravplass vil vere på rundt 11 daa.

Søknad om byggjeløyve vil verta handsama samstundes med framlegg om reguleringsplan til 2.gangs handsaming.

I arealdelen i kommuneplanen er området avsett til føremålet offentleg tenesteyting (gravplass). Då planen vil vere i tråd med arealdelen i kommuneplanen er det i samråd med Fjell kommune vurdert at planen ikkje fell inn under vilkåra for konsekvensutgreiing.

Naboar og grunneigarar vert varsla direkte.

Dokument:

Merknadar som kan ha verknad for planarbeid og byggesøknad kan sendast til Rambøll Norge AS, v/ Gro Karin Hettervik, Sjøhagen 6, Pb 3063, 4095 Stavanger, eller via e-post: gro.karin.hettervik@ramboll.no
Merkast «20170010 – Detaljregulering Landro gravplass»
Frist for merknadar er sett til 29.11.2017.

Alle mottekne dokument vil følgje planframlegget når dette vert sendt kommunen for handsaming og vedtak.

Nærmare informasjon om planarbeidet kan ein få hos Rambøll Norge AS, tlf. 48 35 18 29.


Publisert: 17.10.2017 05:00
Sist endret: 11.10.2017 16:24