Facebook ikon Twitter logo Print side

Valabotn på Knarrevik/Valen

Planoppstart for Valabotn på Knarrevik/Valen.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


I medhald av plan- og bygningsloven § 12-8 varsels oppstart av privat reguleringsplan for Valabotn gnr. 41 bnr. 15, 723, 479 m.fl. på Knarrevik/ Valen i Fjell kommune.

Forslagstillar

Tiltakshavar for planarbeidet er Valavegen 61 AS, Eiendom Valen AS og Øygarden Boligutvikling AS. Utførande konsulent er Akons AS.

Formålet med planforslaget

Formålet med planarbeidet er å legge til rette for bustader med tilhøyrande infrastruktur og fellesareal.

Planstatus

I kommuneplanen sin arealdel er området sett av til noverande og framtidig bustad, vegformål og næring. Delar av varslingsområdet er regulert gjennom reguleringsplanane 175 RP Valavegen, 197 RP Valen (41/8, del), og del av 218 RP Valen og 42 RP Valen næringsområde.

Planområdet

Planarbeidet skal samordne tre byggeområder med ulike aktørar:

  • Gnr. 41, bnr. 15, er om lag 10 dekar, og ligg som eksisterande og framtidig byggjeområde for bustader i kommuneplanen sin arealdel. Mogleg tilkomst kan bli frå sør, med felles avkøyrsel som til næringsområde, eller med ny avkøyrsel direkte til Valavegen. Tiltakshavar er Eiendom Valen AS.
  • Gnr. 41, bnr. 723 er på om lag 4,4 dekar og er eksisterande byggjeområde i kommuneplanen. Her står i dag eit eldre hus og nokre mindre bygnader. Tiltakshavar er Øygarden Boligutvikling AS. Dette området kan bli fremma som eigen plan om det vert tenleg i høve til framdrift.
  • Gnr. 41, bnr. 479, er om lag 4,8 dekar. For eigedomen gjeld reguleringsplan 197 RP Valen frå 2007. Planen er ikkje utbygd, og ein vil no sjå på moglegheita for å gjera ein mindre reguleringsendring for å kunne redusere utnyttinga noko, og flytte planlagt bygg lengre aust. Dersom kommunen aksepterer dette, vert det fremma eit eiga planforslag for denne tomten som ein mindre endring. Om endringane ikkje kan handsamast som mindre reguleringsendring vert område del av ny plan saman med 41/15. Tiltakshavar er Valavegen 61 AS.

Varslingsområdet er på om lag 32 dekar. I dette område inngår og andre eigedomar som kan verte regulert i samsvar med dagens bruk, offentlege krav eller i dialog med grunneigar. Planområdet kan bli mindre enn varslingsområdet etter at vegløysingar og anna er avklart.

Formål er i hovudsak i samsvar med kommuneplanen, og vi har vurdert at planarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing.

Kart over planområdet på Knarrevik/Valen
Kart over planområdet på Knarrevik/Valen

Informasjon og medverknad

Konsulent vil være til stades på 41/15 nord for næringsområdet fredag 8 juli kl. 18.00 for å svare på spørsmål som gjeld planarbeidet.

FRIST FOR MERKNADER ER: 01.09.2016

Innspel og merknader sendes til:
Akons AS, pb. 21, 5207 Søfteland

Eller som e-post til: even@akons.no

Alle innspel og merknader vil følgje planforslaget når det leverast til kommunen.

Vidare saksgang

Etter at merknadsfristen er ute vil sjølve planforslaget bli utarbeida, for deretter å bli sendt til Fjell kommune for saksbehandling. Etter første gangs behandling i kommunen blir planen lagt ut til offentlig ettersyn. Det vil da bli anledning til å koma med merknader og innsigelser mot planforslaget før vidare politisk behandling.

Spørsmål om planarbeidet kan rettes til Even Akerø tlf. 980 98 397


Publisert: 06.07.2016 05:00
Sist endret: 03.08.2016 12:45
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00