Facebook ikon Twitter logo Print side

Valderhaugane - Ågotnes

Offentleg ettersyn for Valderhaugane B6, gnr 21/106 m. fl. - Ågotnes (planid: 20160003)

I samsvar med reglane i plan- og bygningslova vert det med dette kunngjort at Fjell kommune har vedteke å leggja ut til offentleg ettersyn følgjande framlegg til detaljreguleringsplan:

Valderhaugane B6, gnr 21/106 m. fl. - Ågotnes (planid: 20160003)

Planområdet er omlag 100 daa, og ligg rundt Kårtveit skule, sør for Valderhaug. Området er sett av til bustadformål (B6) i Kommunedelplan for Ågotnes 2013 – 2024.

Planen legg til rette for oppføring av barnehage, 178 bustadeiningar i einebustader, tomannsbustader, rekkjehus og lågblokker med tilhøyrande infrastruktur som t.d. leikeplassar, grøntareal og gangvegar.

Dokument

Offentleg ettersyn

Planen er lagt ut til offentleg ettersyn i servicetorget på rådhuset og Fjell folkeboksamling på Straume i tida 28.03. - 09.05.17.

Merknader

Eventuelle merknader til planenane vert å senda til:
Fjell kommune, Plan- og utbyggingssjefen, Postboks 184, 5342 Straume innan 09.05.2017.

Elektronisk skjema


Publisert: 28.03.2017 05:00
Sist endret: 24.03.2017 12:15