Facebook ikon Twitter logo Print side

Vestrepollen, gnr. 50, bnr. 11 m.fl – Bjorøyna

Varsel om oppstart av reguleringsplan

Med heimel i §12-8 i plan- og bygningslova vert det med dette varsla oppstart av detaljregulering for Vestrepollen, gnr. 50, bnr. 11 m.fl – Bjorøyna.

Kart

Forslagsstillar er Bjorøy Marina AS. Utførande konsulent er Asplan Viak AS. Føremålet med planarbeidet er å regulere areal til fritids- og turistformål, småbåthamn m.v. i samsvar med arealbruk gitt i gjeldande kommuneplan. Foreslått varslingsområde er vist med stipla strek på kartutsnitt.

Planarbeidet er vurdert til ikkje å koma inn under oppfangskriteria i Forskrift om konsekvensutredninger. Nærare informasjon om planarbeidet er gitt på nettsidene til Asplan Viak AS, www.asplanviak.no under kunngjeringar, og på Fjell kommune sine heimesider.

Merknader og innspel som kan ha verknad for planarbeidet vert å senda til: Asplan Viak AS, Postboks 2304, Solheimsviken, 5824 Bergen eller på e-post: rune.tuft@asplanviak.no.

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Asplan Viak AS ved Rune Fanastølen Tuft, tlf. 93414585 eller på e-post.

Frist for å kome med merknader til oppstart av planarbeidet er sett til 18.10.17.

Naboar, grunneigarar og offentlege instansar blir varsla i brev. Alle mottatte dokument, merknader ol. vert sendt til kommunen saman med planforslaget.


Publisert: 15.09.2017 05:00
Sist endret: 13.09.2017 15:22