Facebook ikon Twitter logo Print side

Oppstart av utbyggingsavtale for Straumeporten

I medhald av plan- og bygningslova § 7-4 første ledd vert det med dette varsla at Fjell kommune vil starte opp forhandlingar om utbyggingsavtale med Portalen Eiendomsutvikling AS.

Utbyggingsavtalen vil mellom anna omhandle nødvendige infrastrukturtiltak slik dei går fram av reguleringsplanen for Straume sentrum (planID 20080010), godkjend 16.6.2011, sist revidert 18.6.2013 og rekkefølgjekrav vedtatt i same plan. Avtalen vil bli lagt ut til offentleg ettersyn, og inngått avtale vil bli kunngjort.

Planen er lagt ut i Servicetorget på rådhuset, Fjell folkeboksamling og på kommunen si nettside under kunngjeringar i tida 13.11 - 14.12.2018.

Eventuelle merknader til planen kan sendast til:
stian.johansen@fjell.kommune.no, som brev til Fjell kommune, Plan- og utbyggingssjefen, Postboks 184, 5342 Straume eller ved å bruka elektronisk skjema innan 14.12.2018.

Elektronisk skjema

Her finn du meir informasjon om områderegulering for Straume sentrum


Sist endret: 13.11.2018