Serveringsløyve
For å driva serveringsstad må du ha:
- serveringsløyve
Ein serveringsstad er ein stad kor det vert servert mat og/eller drikke, og der forholda ligg til rette for at gjestene kan eta og drikka på staden. Serveringsstadar kan vera til dømes restaurantar, kafear, konditori, gatekjøkken, potetvogner, pubar og bensinstasjonar. Det er ikkje eit krav at serveringsstaden må ha bord og stolar.
For å søkja om serveringsløyve må den som er ansvarleg for den daglege drifta av staden, ha bestått ein kunnskapsprøve:
Saksbehandlingstid
Behandlingstid for søknad om serveringsløyve er maksimalt 60 dagar, rekna frå den dagen kor all påkravd dokumentasjon er levert til kommunen.
Skjenkeløyve
For å kunne servera alkohol må du som hovudregel ha eit skjenkeløyve. Det finst to type løyve; faste/alminneleg løyve og løyve for enkelt arrangement.
Faste/alminnelige skjenkeløyve
Denne løyvetypen gjeld for ulike serveringsstadar som vil selja alkohol til sin gjestar. For å få innvilga skjenkeløyve, må følgjande krav vera innfridd:
Det må utpeikast èin styrar og èin avløysar over 20 år, som må vera tilsett ved staden eller arbeida der i kraft av si eigarstilling. Styrar og avløysar må ha bestått ein kunnskapsprøve. Eigarar, styrar og avløysar må ha uklanderleg vandel i samsvar med alkohollova.
Saksbehandlingstida
Saksbehandlingstida er inntil tre månader frå vi har motteke alle nødvendige opplysningar og dokument. Tida kan forlengast med èin månad dersom forhold gjer det nødvendig.
Løyve for enkelt arrangement (opne og lukka)
Det kan søkjast om skjenkeløyve for enkeltarrangement som til dømes konsertar, festivalar, ulike type festarrangement for firma, lag, organisasjonar og privatpersonar. Nokre type arrangement er ikkje løyvepliktige. Dersom tvil om løyveplikt eller løyvetype, er det kommunen som har avgjerdsrett. Ta kontakt med kommunen for rettleiing.
Søknadsfristar
- Lukka arrangement/ambulerande skjenkeløyve – 2 veker
- Ope arrangement/enkelt høve – 4 veker
- Større arrangement t.d. festivalar – minst 8 veker
Prisar 2018
- Ambulerande skjenkeløyve/lukka arrangement – kr. 360
- Ope arrangement/enkelt høve – Inntil kr. 5.100
Søk om skjenkeløyve for enkelt arrangement
Skjenketider
- Alkoholgr. 1 og 2 (øl, rusbrus, vin) frå 08.00 til 02.00 alle dagar
- Alkoholgr. 3 (sprit) frå 13.00 til kl. 02.00 alle dagar
Utvida skjenkeløyve
Det kan, for enkeltarrangement, søkjast om utvida skjenkeløyve for serveringsstadar som har fast skjenkeløyve frå før. Utvidinga gjeld berre areal.
Salsløyve
Butikkar og utsalsstadar som ønskjer å selja alkoholhaldig drikk med høgst 4,7 volumprosent alkohol (øl og rusbrus), må søkja kommunen om løyve.
For å få innvilga salsløyve må følgjande krav vera innfridd:
- Det må utpeikast ein styrar og avløysar over 20 år, som må vera tilsett ved staden eller arbeida der i kraft av si eigarstilling.
- Styrar og avløysar må ha bestått ein kunnskapsprøve.
- Eigarar, styrar og avløysar må ha uklanderleg vandel i samsvar med alkohollova.
Saksbehandlingstid
Saksbehandlingstida er inntil tre månader frå vi har motteke alle nødvendige opplysningar og dokument. Tida kan forlengast med èin månad dersom forhold gjer det nødvendig.
Salstider
- 07.00 – 20.00 måndag til fredag, inkl. dagen før Kristi Himmelfartsdag
- 07.00 – 18.00 laurdag og dagar før heilagdagar
Sal av alkohol skal ikkje skje på sundagar og heilagdagar, 1. og 17. mai, og på stemmedagen for stortingsval, fylkestingsval, kommuneval og folkeavstemming vedteke ved lov.
Etablerarprøve for serveringsstad
Det vert kravd kunnskap om økonomistyring og relevante reglar, som serveringslova, skatte- og avgiftslova, regnskapslova, konkurslova, arbeidsmiljølova og alkohollova.
Pensum til etablerarprøva finn de i eit kompendium som kan kjøpast hjå vinn.no
Prøvetida er 90 minutt og vert halden på Fjell rådhus. Det er ingen avgrensingar i kor mange gongar du kan ta prøva. Tillate hjelpemidlar er lovsamlingar.
Fjell kommune har ingen faste prøvetidspunkt. Ønskjer du å ta prøva, tek du kontakt med kommunen på telefon eller epost for å avtala tid.
Pris: kr. 400,-
NB! Du må ha betalt gebyret før prøvetaking, og ha med gyldig legitimasjon.
Kunnskapsprøve for sals- og skjenkeløyve
Det vert kravd kunnskap om alkohollova og tilhøyrande forskrift.
Pensum til kunnskapsprøva finn de i eit kompendium som kan kjøpast hos VINN.
Prøvetida er 60 minutt og vert halden på Fjell rådhus. Det er ingen avgrensingar i kor mange gonger du kan ta prøva. Ingen hjelpemiddel er tillate.
Fjell kommune har ingen faste prøvetidspunkt. Ønskjer du å ta prøva, tek du kontakt med kommunen på telefon eller epost for å avtala tid.
Pris: kr. 400,-
NB! Du må ha betalt gebyret før prøvetaking, og ha med gyldig legitimasjon.
Endring av styrar, avløysar, dagleg leiar
Dersom ein skjenke- eller salsstad for alkohol skifter ut styrar og/eller avløysar, må det snarast søkjast om godkjenning for nye personar i desse rollane. Det same gjeld dersom dagleg leiar for eit serveringsløyve vert skifta ut. Desse krava er heimla i alkohollova § 1-7c og serveringslova §§ 4, 5 og 6.
Kontroll av sals- og skjenkestadar
Kommunen har ansvar for å kontrollera at sals- og skjenkesteder følgjer alkohollova og reglane i forskriftene. Kontrollane kan vera opne eller anonyme. Skjenkekontrollar vert alltid utførte av to kontrollørar og salskontrollar i hovudsak av èin. Dei vil alltid legitimera seg før eller etter kontrollen.
Etter kontrollen får ansvarleg på sals- eller skjenkestaden informasjon om rapporten til kontrollørane, og kopi av rapporten vil verta sendt på epost ca. ei veke etter kontrollen.
Internkontroll for sals- og skjenkestadar
Alle sals- og skjenkestadar må ha eit system og rutinar for å sikre at alkoholregelverket vert følgd og det er løyvehavar som har det formelle ansvaret for å utforme eit internkontrollsystem. God internkontroll gir enklare drift, tryggare tilsette og fornøyde gjester. Helsedirektoratet har utarbeidd ein guide som skal hjelpe løyvehavarar med å lage eit godt system for internkontrollen, sjå heimeside:
Guide til god internkontroll etter alkoholloven
Fjell kommune har også eit samarbeid med Bergen kommune på feltet som gjeld alkohollova. På heimesida til Kontor for skjenkesaker kan de finne informasjon om utarbeiding av internkontrollrutinar, og malar som kan nyttast i dette arbeidet:
Oppdatering av internkontroll for sals- og skjenkestadar
Omsetningsavgift - rapportering av alkoholomsetning
Alle som har fast/alminnelig sals- eller skjenkeløyve skal kvart år betale eit gebyr til kommunen. Gebyret vert berekna ut i frå ei forventa omsetning av alkohol og det vert samstundes gjort ei avrekning i forhold til faktisk omsetning frå året før.
Omsetningsrapporten
Omsetningsrapport for alkohol skal sendast inn til kommunen innan
- 1. mars
Dersom behov kan fristen forlengast, etter avtale med kommunen. Manglande levering av omsetningsrapport innan fristen, og utan avtale om forlenga frist, medfører prikkbelastning à to prikkar.
Omsetningsrapporten MÅ vere signert av ekstern revisor eller ha vedlagt omsetningsrapport frå leverandør av alkoholvaren.
Minstegebyr 2018
Sals- og skjenkeløyva har følgjande minstegebyr:
- Salsløyve – kr. 1.630
- Skjenkeløyve inkl. alminneleg løyve for eit enkelt høve – kr. 5.100
- Ambulerande skjenkeløyve – kr. 360
Gebyra er fastsett i § 6-2 i forskrift om omsetning av alkoholholdig drikk.
Alkoholpolitisk handlingsplan
Alkoholpolitisk handlingsplan 2016 - 2020
Publisert: 10.05.2016 15:15
Sist endret: 02.01.2018 12:09