Facebook ikon Twitter logo Print side

Politisk plattform

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Samarbeidspartia Arbeiderpartiet og Høgre har utarbeidd ei kort samarbeidsavtale som skisserer ny politisk plattform for perioden 2015 – 2019. Den politiske plattforma vart lagt fram for resten av kommunestyret på møtet 29.10.2015, sak 93/15.

Innleiing

I dette dokumentet vert det gjort greie for dei prioriteringar og saker som ligg til grunn for samarbeidet mellom dei to partia som har fleirtal i kommunestyret. Kommunestyret vil få dokumentet til drøfting i kommunestyremøtet etter konstitueringsmøtet.

Arbeiderpartiet og Høgre har, for å sikra kommunen eit føreseieleg, stabilt og ansvarleg fleirtal inngått dette samarbeidet. Det er skrive ei kort samarbeidsavtale. Samarbeidspartia vil likevel arbeida aktivt for at avtala ikkje skal vera til hinder for å halda fram med dei gode politiske prosessane og løysningane som kommunestyret dei siste åra har arbeidd fram i samarbeid med alle grupperingane i kommunestyret.

Vi er inne i utfordrande tider, og det bør medføra at vi, der det er mogleg, finn felles løysningar til beste for alle innbyggjarane i Fjell.

For å sikra auka politisk styring og nærvær vil vi leggja opp til at også varaordførar, i tillegg til ordførar, er i fulltidsengasjement.

Varaordfører vil primært jobba med følgjande oppgåver:

  • Næringsutvikling
  • Vekst og innovasjon
  • Hamn
  • Kommunestruktur

Denne ordninga set oss i stand til auka nærvær i fora som vert viktige for Fjell i den situasjonen vi no står framfor.

I tillegg er det lagt opp til at komiteleiarane vert gjevne større rom til å følgja opp sine ansvarsområde.

Dei politiske punkta i samarbeidsavtalen lyder som følgjer:

Økonomi

Det vert innført eigedomsskatt på verk og bruk og anna næringseigedom i heile kommunen. Satsen vert sett til minstesats (for tida 2 promille) i denne valperioden.

Inntektene skal nyttast til følgjande:

  • Redusera lånegjeld
  • Investera i infrastruktur
  • Minimum kr 1 mill. skal årleg setjast av til næringstiltak

(Vi vil presisera at vi stadig vil vurdera situasjonen i det lokale næringslivet / arbeidsmarknaden fram mot budsjettmøtet 17. desember. I denne samanheng vert det vist til punkt om kontaktorgan for næringslivet)

Frie inntekter, tilskott, skatteinntekter og andre overføringar skal i hovudsak brukast til drift. Vi skal ha orden på økonomien og utgiftene skal ikkje vera større enn inntektene. Avkasting frå fond skal ikkje innarbeidast i driftsbudsjettet.

Lokalmedisinsk senter på Straume vert etablert.

Det skal i perioden finnast løysing for vegutbygging frå Møvika til Eide.

Sotrasambandet

Sotrasambandet er Fjell kommune sin viktigaste sak. Det er viktig at vedtak av reguleringsplanen ligg føre snarast mogeleg og seinast våren 2016.

Når reguleringsplanen er vedteken, skal arbeidet med bompengesøknaden prioriterast og verta vedteken innan utgangen av 2016.

For å oppnå høgast mogeleg statleg finansiering av Sotrasambandet skal arbeid inn mot regjering og storting ha høgste prioritet.

Arbeid

Arbeid til alle er jobb nr. 1 og aukande arbeidsløyse krev handling no. Utviklinga i sysselsettingssituasjonen må følgjast opp månad for månad og god kontakt med næringslivet er nødvendig. Det skal etablerast eit samarbeidsutval med næringslivet der ordfører og varaordfører med jamne mellomrom møter representantar for næringslivet for å drøfta status og utvikling i tillegg til utviklinga i arbeidsløysa.

Fleire lærlingplassar i Fjell kommune og næringslivet elles er viktige tiltak for å unngå ungdomsarbeidsløyse. Ved nye offentlege kontraktar skal lærebedrifter føretrekkjast.

Fjell kommune forpliktar seg vidare til å byggja god kompetanse innan helse, omsorg, barnehage, skule og reinhald.

Alle ordinære stillingar som vert lyst ut i Fjell kommune skal vera faste stillingar. Det er eit mål at alle stillingar skal være 100% stillingar. Ledige vikariat og prosjektstillingar skal følgja reglane i arbeidslivet.

Det er til tider eit høgt sjukefråvær i delar av kommuneorganisasjonen. Samarbeidspartane forpliktar seg til å laga ei utgreiing om eventuelt auka grunnbemanning.

Gode Sirklar er vårt interkommunale selskap som skal bidra med å tilføra region vest forskningsbasert kunnskap og kompetanse gjennom næringsutvikling og utdanning. Samarbeidet med Gode Sirklar må styrkast med tanke på auka sysselsetting i regionen.

Vi har gjennom denne avtala peika på dei viktigaste sakene vi i dag står framfor.

Vi vil invitera til eit breitt samarbeid med alle politiske grupperingar i kommunestyret og har tru på at vi saman kan byggja gode løysningar gjennom opne politiske prosessar.


Publisert: 20.04.2016 07:41
Sist endret: 20.04.2016 07:47