Facebook ikon Twitter logo Print side

Eldrerådet

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Om eldrerådet

Eldrerådet si oppgåve er å vera eit rådgjevande organ for kommunen. Eldrerådet skal kunne uttala seg om alle forslag/saker som gjeld levekåra for eldre, og eldrerådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem eldre i kommunen. Fjell eldreråd er satt saman av 7 medlemer

Protokollen frå rådsmøta skal fylgja saksdokumenta til dei kommunale organa som tek endeleg avgjerd i saka. Møta i eldrerådet er opne for publikum.

I samband med omlegging av sak-/arkiv systemet, vil det i ein periode vere to alternativ for lesing av møtedokument. Følg denne lenka for møtedatoar og dokument som gjeld før 2017. Klikk på knapp «Møtedatoar og saksdokument» for møtedatoar og dokument etter 01.01.2017.

Møtedatoar og saksdokument

Brosjyre for Fjell eldreråd

Handlingsplan for Fjell eldreråd

Berit Anita Larsen (H) er leiar i Fjell eldreråd for perioden 2015-2019 og kan nåast på telefon 951 67 692 eller på epost beralars@hotmail.com. Leiar av eldrerådet ynskjer innspel frå seniorar i kommunen om saker de er opptatt av.

Arrangement og turar for seniorar

Fjell eldreråd tek initiativ til ulike arrangement og turar for at seniorar som bur i kommunen skal få fleire møteplassar og treffe likesinna. Døme på slike arrangement er 17.mai-feiring, markering av eldredagen 1.oktober, seniorsymjing i Terapibassenget og seniorarrangement i Sotra Arena. Dessutan finn du Fjell seniorsenter i 4.etasje på Sartor Storsenter, og her kan du ta deg ein kopp kaffi og høyre på trekkspelmusikk eller vere med på bingo.

Eldrerådet arrangerer også faste turar i løpet av året, og prisar for turane kjem fram i annonseringa.

Kvar vår vert det sett opp ein sponsa dagstur med buss for seniorar, frå Straume til stader i nærleiken av interesse. Onsdag 24.mai 2017 gjekk turen til Norheimsund med middag og kaffi som einaste kostnad.

I tillegg vert det arrangert seniortur til utlandet kvar vår, og i år vart det ein 6-dagars busstur frå Straume til hansabyen Lübeck i Tyskland den 24.-29.april.

Det vert også arrangert seniortur til Syden kvar haust. Hausten 2017 går turen til Kypros i oktober, meir informasjon kjem etter kvart.


Publisert: 23.05.2016 13:12
Sist endret: 11.07.2017 12:40
Politisk sekretariat

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5342 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00