Facebook ikon Twitter logo Print side

Integreringsutvalet

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

For å få til ei vel lukka inkludering og integrering av flyktningar som vert busett i kommunen, har politisk og administrativ leiing etablert eit rådslag med nye landsmenn/kvinner.

Møtedatoar og dokument

Møtereferat vert lagt ut etter møte.

15.06.2016

 

27.04.2016

Referat

Om integreringsutvalet

Rådslaget er leia av rådmann og ordførar, og er samansett av 12 busette flyktningar i Fjell kommune. Det er rådslag kvar sjette veke etter ein fast møteplan og avdeling for flyktningar og tenesteutvikling er sekretariat for rådslaget. Ulike tenesteområde i kommunen deltek i rådslaget alt etter kva som vert tema på møta.

Gjennom rådslaget vil kommuneleiinga få viktige tilbakemeldingar, både i forhold til sjølve busetting, inkludering og integrering i samfunnet. Gjennom eit rådslag som dette er det von om å sikre deltaking, myndiggjering, og involvering i lokalmiljø

Politisk og administrativ leiing ønskjer å høyra om kvardagen til dei med flyktningebakgrunn, og få eit innblikk i korleis dei har det i Fjell kommune.

  • Korleis opplever dei kommunen når det gjeld arbeid og bustad?
  • Kva slags utfordringar opplever dei i kommunen?
  • Kva kan dei bidra med, og korleis?
  • Kva slags kultur hadde dei i heimlandet som vi kan læra av her?
  • Korleis kan vi i fellesskap bidra til at Fjell blir eit internasjonalt lokalsamfunn.

Publisert: 23.05.2016 14:37
Sist endret: 27.05.2016 12:53
Politisk sekretariat

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5342 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00