Facebook ikon Twitter logo Print side

Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

Rådet er eit samhandlings- og rådgjevande organ for kommunen i saker som angår funksjonshemma sine behov og interesser og er kommunen sitt formelle organ i arbeidet med brukarmedverknad. Rådet har ikkje mynde for å fatta vedtak på kommunale saksområde, men skal arbeida for at menneske med nedsett funksjonsevne ikkje vert diskriminert og bidra til tilgjengelege og brukarvennlege tenester i kommunen. Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne er eit rådgjevande organ og det vil ikkje gje råd i saker som gjeld enkeltindivid, med mindre saka kan vere av prinsipiell karakter.

I samband med omlegging av sak-/arkiv systemet, vil det i ein periode vere to alternativ for lesing av møtedokument. Følg denne lenka for møtedatoar og dokument som gjeld før 2017Klikk på knapp «Møtedatoar og saksdokument» for møtedatoar og dokument etter 01.01.2017.

Møtedatoar og saksdokument

Rådet engasjerer seg særlig i følgjande saker:

  • Tilgjengeprisen
  • Oppfølging av universell utforming i ulike byggprosjekt i kommunen
  • Universell utforming av t.d. kommunale bygg


Rådet tek gjerne imot saker, innspel frå publikum, lag og organisasjonar som ein meiner rådet bør engasjera seg i.

Mandat for rådet

  • Gje fråsegn til forslag til økonomiplan og årsbudsjett
  • Gje fråsegn til kommuneplan og kommuneplanar med verknad for menneske med nedsett funksjonsevne.
  • Gje fråsegn til saker som kommunale organ legg fram for rådet.
  • Ta del i arbeid med konsekvensutgreiingar etter plan og bygningslova som gjeld kommunal verksemd.
  • Ta del i planprosessar vedkommande kommunale bygg (nybygg og ombygging).

Medlemer

Medlemer i kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne for kommunestyreperioden 2015-2019:

Leiar

Atle Justad (AP)
Tlf.: 90 67 75 50
Epost: asjustad@gmail.com

Nestleiar

Mari Mikkelborg (FFO)

Medlemer

Ingunn Stenehjem (FrP)
Svein Arthur Pedersen (SAFO)
Ove Strømme (SAFO)
Britt Nonås (FFO)
Gunnar Angeltveit (FFO)

Vara

Liv Gunnlaug Lie Morland (KrF)
Jarle Syltøy (SL)
Erling Andersen (SAFO)
Gisle Hagenes (SAFO)


Publisert: 23.05.2016 13:19
Sist endret: 30.08.2017 13:34
Politisk sekretariat

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5342 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00