Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilgjengeprisen

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

Tilgjengeprisen er ein årleg pris som vert delt ut av Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne i Fjell kommune. Prisen vert delt ut på det tidspunkt rådet ser det mest tenleg.

Formål

Formålet med tilgjengeprisen er å gjere eitkvart miljø tilgjengeleg for menneske med nedsett funksjonsevne. Eit utvida omgrep av universell utforming vert å leggja til grunn. Tilgjenge til bygningar, informasjon, kultur, friluftsliv, idrett, familie, vener, kollega, nærmiljø og serveringsstadar.

    1. Tilgjengeprisen vert å dela ut til den einskildpersonen, organisasjonen, bedrifta eller offentleg etat som har gjort ein særs verdfull innsats for å betra tilgjenge for menneske med nedsett funksjonsevne i lokalmiljøet eller kommunen.
    2. Følgjande kriteria kan vera å leggje til grunn:
      • Tiltaket skal kome flest mogleg brukargrupper til gode.
      • Kvaliteten (gjennomføringa) skal vera god.
      • Kandidaten har synt ei positiv haldning til og/eller forståing for å leggje til rette for universell utforming.
      • Menneske med nedsett funksjonsevne har hatt innflyting på utforming av tiltaket (brukarmedverknad).
      • Tiltaket syner at betre tilgjenge handlar meir om omtanke og handlingar enn om kostnade.
      • Tiltaket har fått ei fin estetisk utforming og god praktisk løysing som glir godt inn i naturen når det gjeld god byggeskikk.
      • Kandidaten har synt stor kreativitet og nytenking for å betre tilgjenge for alle.
    3. Framlegget på kandidatar skal vera skriftleg med ei kort grunngjeving. Både einskildpersonar og organisasjonar kan fremja kandidatar.
    4. Prisen vert å dela ut årleg, men dersom det eit år ikkje fins kandidatar som fyller vilkåra, skal prisutdelinga utsetjast til neste år. Prisen er på kroner 5.000,- og eit kunstverk av ein lokal kunstnar.

Forslag til kandidat?

Frist for framlegg til kandidat er 20. november.

Framlegg til kandidatar, med grunngjeving, skal sendast til Fjell rådhus, Postboks 184, 5342 Straume, på e-post til postmottak@fjell.kommune.no eller elektronisk skjema.

Framlegget må gje ei tydeleg skildring av kandidaten sin innsats.

Tildeling av pris

Kandidatane ver vurderte av Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne, som står for tildeling av prisen på kr 5.000,- og eit kunstverk av ein lokal kunstnar.


Publisert: 14.10.2016 09:16
Sist endret: 14.10.2016 09:42