Facebook ikon Twitter logo Print side

Kommunestyret

Om KS

Fjell kommunestyre har 35 folkevalde representantar som er fordelt på ni ulike partigrupper.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy er leiar for kommunestyret. Ordføraren kan treffast på tlf. 55096000 eller e-post ordforar@fjell.kommune.no.

Kommunestyret har åtte - ti møte i året, med overordna planar, budsjett og økonomiske saker, interkommunale samanslutningar o.l. som hovudoppgåve.

Saklistene vert lagt ut på internettsidene til kommunen, og møta vert haldne for opne dører.

I samband med omlegging av sak-/arkiv systemet, vil det i ein periode vere to alternativ for lesing av møtedokument. Følg denne lenka for møtedatoar og dokument som gjeld før 2017Klikk på knapp «Møtedatoar og saksdokument» for møtedatoar og dokument etter 01.01.2017.

Møtedatoar og saksdokument 

I tillegg har Radio Sotra direktesending og opptak frå kvart møte.

Kommunestyret har lagt det daglege politiske ansvaret for drifta av kommunen til formannskapet og to politiske komitear, kvar med ni medlemer. Formannskapet og komiteane deler på ansvar og arbeid etter type oppgåver.

Politikk- og næringssenter er sekretær for kommunestyret og komiteane.

Ekstra møtedokument

Under vil det etter behov bli lagt ut dokument som er relatert til politiske møte.

KS 26.01.2017

Seminar om grunnbemanning, rekruttering, sjukefråvær og vikarpool innanfor helse og omsorgstenestene.

Her er presentasjonane frå seminaret:

Vedlegg til sak 59/16

KS 26.05.2016

Vedlegg til sak 59/16

Rv 555 Sotrasambandet - Slutthandsaming av reguleringsplan parsell Kolltveit - grense Fjell/ Bergen kommune. Tiltakshavar : Statens vegvesen Region vest.

Slutthandsaming av reguleringsplan for Sotrasambandet kjem til behandling i formannskapsmøte 11. mai 2016 og skal vidare til endeleg avgjerd i kommunestyrtmøtet 26. mai 2016.

Grunnlagsdokument til saka:

KS 25.02.2016

Innkalling 25.02.2016


Publisert: 23.05.2016 10:49
Sist endret: 27.01.2017 11:05
Politisk sekretariat

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5342 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00